Ting skjer og litt endrar seg, så frå no av kan du følgje bloggen min på annemalinaase.blogg.no
Håpar eg høyrer frå deg der!
Ting skjer og litt endrar seg, så frå no av kan du følgje bloggen min på annemalinaase.blogg.no
Håpar eg høyrer frå deg der!
I kveld reiser eg til Oslo, og gjett om eg gleda meg. Ei helg med bryllaupsførebuingar, brudekjolesying, styling og blomster.
Status no er at eg har kjøpt skoa eg tenker å gifte meg med.
Den kommande brudgommen har for lengs bestilt og fått tilpassa sin smoking, men eg sit her altså med skoa.
Godt eg har eit strålande team i ryggen som hjelp meg med å få verdens finaste og mest symbolske brudekjole.
Eg håpar eg får eit glimt av den kommande brudekjolen i helga, vertfall delar av den.
Ser også fram til møte med blomsterdekoratør, «raide» perle og stoff-butikkar, og bli styla og fiksa.
Eg skal gje dokke nokre smakebitar på bloggen etterkvart, så stay tuned.
God langhelg!
20. mai 1961 gifta besteforeldra mine seg.
Dei har altså imponerande 54-års bryllaupsdag i dag og er like flotte no som den gang.
Mommom og Bestepappa (ja, eg kallar dei det), gifta seg på Pinseaftan, ein strålande vårdag på Nordfjordeid. Dei har fortalt meg at dei «delte» kyrkja med eit anna brudepar og feira bryllaupsfesten heime i stova.
Vi skal ha ein litt anna bryllaupsfeiring, men eit par ting blir likt. Vi skal gifte oss i same kyrkje og eg skal bruke delar av brudekjolen til mommom.
Gratulerer med bryllaupsdagen, eg er heldig som har dokke.
Håpar mitt ekteskap blir like langt og godt.
I år har eg feira 17. mai slik som før i tida. Vi gjekk saman med barndomsvenninner i toget og ting var omtrent som før, berre med eit par små sjarmørar og fast følgje på oss alle mann. Vidare har vi ete rømmegraut, tatt mange bilde og skal kose oss med kaker og is resten av kvelden. «Same procedure as every year….»
Eg er veldig glad i tradisjonar og meiner at tradisjonar er til for å følgjast. Men eg skjønnar at vi er i ein alder og livssituasjon der tradisjonane gradvis vert endra. Eg ser fram til å halde fast på nokre av dei, men er også klar for små moderasjonar. Tida vil vise.
Gratulerer med dagen og hipp hipp hurra!
Det er alltid godt å komme heim til Eid. Den vesle bygda er som tatt ut av eit postkort på ein godvêrsdag.
Gjørme opp etter leggane, maur i sokkane, eit par fall og våt snø er rask gløymt når ein kan sette seg på toppen, høyre snøen smelte og kjenne at sola varmar litt.
Endeleg er sommaren på veg og den er hjarteleg velkommen. Eg prøvde å sole meg litt i dag, men det var hakket for kaldt. Eit par veke til så tenke eg bikiniane kan få lufte seg.
Ha ei strålande helg!
Langhelg og sol er ikkje feil. No skal vi snart reise heimover mot fjordfylket, men først litt pakking.
Vi har snakka om å flytte ei stund, men det er først dei siste dagane det har gått opp for meg. 7 år i byen med de 7 fjell har sett sine spor, og det er rett og slett litt skummelt å flytte. Det er heldigvis eit par månadar til vi reise med flyttelasset, så vi får nyte bylivet den siste tida.
Vi driv altså å pakka, rydda i skåp og sterilisera leilegheita før fotografering. Det tar tid og er heller ikkje særleg givande. På de andre sida sett det litt perspektiv på ting, for eg har veldig mykje ting og veldig mykje kle…
Eg visste jo om det, men det er noko med når du får det rett i fleisen. Eg kan ikkje garantere shoppestopp frå denne jenta, men eg skal vertfall bli meir bevisst på kva eg har. Så moralen i dette er vel at det er lurt å få hovudet over vatn og få eit overblikk over situasjonen, bokstavelg talt…
Eg har opp gjennom åra kjøpt ein del «jugel», store smykke, armband og øyredobbar. Eg er også ein av dei som blir litt fort lei av ting og har ofte «ingenting» å ha på meg. Så det å kunne bruke ting på nytt, sette saman ulike delar og få «nye» ting passar meg ypparleg.
Før eg skulle på Gullruten hadde eg eit «eg-har-ingenting-å-gå-med-anfall». Eg leita i butikkane etter eit nytt smykke, men fann ingen eg likte. Eg tok derfor tanga fatt og satt saman fleire av dei gamle smykka mine.
Hadde du sagt til meg for to år sidan eg eg kom til å svinge meg rundt saman med økonomane frå Luksusfellen, Ylvis-gutta og Carew akkompagnert av «Fem fine frøkner» ein laurdagskveld i mai, hadde eg aldri trudd på deg….Men aldri sei aldri, for i går skjedde det.
Det er eigentleg ganske fint at vi ikkje veit kva framtida bringer.
Først vart eg preppa og dolla av Iselin. Eg kom smilande med mineralfundation og litt lipgloss medan ho hadde med seg eit par vesker med stæsj. Ut av salongen kom eg god som ny med mykje sparkel, roser i kinna, solkyssa hud, highlights allover, lange vipper og ein god dose sjølvtillit. Ein ettermiddag med latter, sminke, hår og jordbær er ikkje feil.
Etter omkleding og kos med finaste Susanne (min kommande forlover). Var det tid for raud løpar og mingling i Grieghallen.
Vi var så heldige å få billettar med David Andersen så vi satt i orkestergrava, heilt framme ved scena. Så der satt vi rett overfor Moods-grunderane og hadde muligheten til å ta high-five med alle prisvinnarane. Det skjedde ikkje, men eg kan innrømme at tanken streifa meg.
Resten av kvelden og natta gjekk med til bobler i gullglas, dansing med fintfolk, sliders, sladder og latter.
Livet smiler, men tippar at morgondagen blir blå.
YOLO…
I morgon skal eg på Gullruten.
Eg har lenge håpt på å bli invitert med, men i morgon skjer det altså. Woop wooop!!
Kjolen heng fint i skåpet, men eg manglar framleis tilbehøret. Sidan eg er ganske lei av dei smykkene eg har frå før skal eg lage meg eit nytt av nokre gamle.
Så no sitt eg her å putlar med mitt medan sambuaren min jobbar for å få leiligheta klar for visning.
Det er jammen meg forskjell på folk, men sann er livet. Man måjo prioritere det viktigaste først…