Sveisen flette og snasen tøtte!

Innlegget inneheld prduktplassering.

I april ringte det eit ukjent nummer. Eg tok telefonen med ein litt halvkrass stemme, klar til å avfeie selgaren. Det eg ikkje visste var at dette var starten mange hyggelige stunder. «Hei, det er Iselin, stylisten din», sa ei vennleg bergenstemme, langt i frå den bergensstemma som ein forbinder med Davy Watne. Dette var starten på mykje latter, inspirasjon, opplevingar og ikkje minst ei fantastisk brudefrisyre toppa med enkel sminke, eller Make up som sikkert Iselin ville sagt.

Det er ikkje å stikke under ein stol at eg og Iselin kjem frå to ulike verdar. Eg hugsa framleis reaksjonen hennar når eg sa at håret mitt var ufarga og eg ikkje brukte så mykje tid på sminke. «Hæ? Har du sann jomfruhår?». Vi braut ut i latter og slik haldt det fram.

Ei nydelegare, sjølvironisk og meir tolmodig jente skal ein leite lenge etter. Vi prøvde ulike stilar og laga fleire moodboards på Pinterest, men det var liksom noko som mangla. Ein månads tid før bryllaupet, tikka det inn ein mail frå Iselin med verdas finaste flette dekt i blomster. Vi laga vår eigen versjon og Iselin kan trylle, for finare frisyre har eg aldri sett. Sminka hald vi enkel etter ønske frå #brura

 

Tusen takk for at dokke valte den beste Wearhouse-Gorgious London. Tusen takk for inspirasjon, latter, tolmodighet og ein fantastisk brudelook Iselin Styve!

 
Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndykken

Kva synest du? Korleis var din brudelook? Eller har du ein favorittlook?

I morgon kjem det meir detaljar rundt kjolen, klikk deg inn om du vil!

Eit blomsterhav

Foto: Martin Håndlykken

Innlegget innheld produktplassering.

Kvart einaste år dyrka bestefar min fram flotte hekkar med ertrebomster. Fargane, lukta og fasongen på disse har alltid fasinert meg og minne meg om sommar. Det var derfor ekstra kjekt at eg kunne ha erterblomstrar i brudebuketten min. Anders, eg og bestefar min (saman med Jenny og filmteamet på nakken) plukka disse dagen før bryllaupet. Sjå meir her eller på Jennyskavlan.com. Dei heimelaga og velduftande blomstrane vart brukt i brudebuketten og i blomsterkransen.

Bryllaupet vart eit blomsterhav med alle mine favorittblomstrar i ulike duse fargar, det skal kreative og dyktige Mariell Lopez frå Mestergrønn ha æra for.

Eit par månadar før bryllaupet snakka eg og Mariell om korleis eg såg for meg blomstrane. Vi delte nokre Pins og saman vart vi einige om korleis det heile skulle sjå ut. I Oslo møtte eg ho på Mestergrønn og vi la ein endeleg plan.

Dagen før dagen kom Mariell med eit blomsterhav eg aldri har sett maken til. Det var meir blomster enn den vesle bygda Nordfjordeid hadde tatt inn heile det året. Når blomstrane var ut av bilen vart vi alle mann med på å lage små bukettar.

På førehand hadde vi hatt eit familieprosjekt der vi gullspraya store mengde med glassflasker og syltetøyglass. Kjende og kjære hadde glassinnsamling i kjellaren og etter ein runde med Zalo, rødsprit og gulltagging var «vasane» gode som ny. .

Kyrkja var også fylt opp av små flotte bukettar på benkeradene laga av Mariell. Disse hang i smootieglas som tanta til Anders hadde samla på.

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

 Enorm stor takk til Mariell og Mestergrønn som verkeleg gjorde dagen vakker!

Over helga skal eg gå i detalj på korleis vi laga kjolen frå ide til ferdig resultat.

Tusen takk!

Tusen takk for ei draumereise!

kL0e4-x8sFc

Foto: Martin Håndlykken

Takk for fantastisk inspirerande hjelp Jenny!

Takk for verdens finaste hår og sminke Iselin Styve (Gorgeous of London).

Takk for nydelege blomster Mariell Lopez og Mestergrønn.

Takk for at dokke hadde trua Showbirds!

Du finn meir på Jennyskavlan.com og du kan sjå meir her (skroll i veg).

Dei nermaste dagane skal eg gå meir i detalj her på bloggen, for den spesielt interesserte er det berre å følgje med.

Det ordna seg tilslutt

Ein månad før bryllaupet reiste eg spent og forhåpningsfull til Oslo for å hente brudekjolen. Eg og Jenny hadde snakka om korleis brudekjolen skulle bli, og forventningane mine var skyhøge.


Som alltid vart eg møtt med eit stort smil og strålande gjestfrihet. Vi møttest først ved skreddaren, som hadde tatt på seg litt for mykje når han sydde på perlebroderiet. Heile kjolen var krøllete og delvis gul frå vasken. Stoffet var tatt frå tre gamle kjolar og det kunne ein lett sjå. Kunne dette bli draumekjolen?

Jenny hadde gjort ein fabelaktig jobb frå skisse til ein unik base. Då vi kom til leilegheita hennar og snakka om planane vidare fikk eg også ein ny giv. Jenny viste meg vidare korleis eg kunne rette på perlebroderiet og lage rosettar av blonderestar.Eg trøkka brudekjolen ned i handbagasjen og planla allereie på veg til flyplassen korleis eg skulle gripe det heile ann.

Dagen etter byrja eg med å rette opp igjen perlebroderiet. Den kommande veka bar preg av perler, blonder, sying, latter og sjokolade. Brudekjolen vart eit familieprosjekt. Dagane og kveldane der vi satt og laga små blondeblomster av brudekjolerestar er minner eg aldri ville vore forutan. Resten av bryllaupsplanlegginga fikk ikkje ein tanke og vi storkosa oss under prosessen.

Vidare sendte vi kjolen på reins. Stakkars dama som skulle reinse den, for eg var ganske så tydeleg på kor mykje historie og energi som låg i kjolen. Då vi henta brudekjolen hadde dei verkeleg gjort ein fabelaktig jobb. Alt gulskjeret var vekk og kjolen var god som ny. Ingen kunne sjå at det var ein eldgammal brudekjole.

Eg enda opp med draumekjolen og eg ville ikkje ha bytta for noko i heile verda. Det var ei fantastisk reise og eg har opplevd meir enn eg kunne draume om. Dette gav meirsmak og inspirasjon.

Ville du gifta deg i ein gamal brudekjole? Med god hjelp på vegen kan det fort bli perfekt, eg snakkar av erfaring.

 Gler meg til å vise delar av reisa på jennyskavlan.com i morgon.

Spent og glad kan eg avsløre at….

«Eventyrbryllaup byrja ofte med eit frieri, men i mitt tilfelle var starten på eventyret ei kreativ og inspirerande bestemor, to heimelaga brudekjolar og eit bildeoppslag av Jenny Skavlan i Se og Hør.»

 
Foto: Britt Merete Aase

Eit lite halvår etter bryllaupet skal vi dele vår historie. Historia om tre gamle brudekjolar, ei overivrig kommande brud, hennar famile som ikkje visste kva dei gjekk til og ein veldig tolmodig mann. Reisa frå inspirasjonsboka og stalkinga av Jenny Skavlan i mai 2014 til ei minneverdig bryllaupsfeiring august 2015  er godt dokumentert og på fredag kan den som vil sjå filmen!

Eg kjem til å legge ut diverse frå førebuinga dei kommande dagane, men om du vil ha meir no kan du lese og sjå bilde her, skroll i veg så finn du det meste under kategorien «BRUDEKJOLEN».

Gamalt og gale

Etter 4 månadar i pappkasser har vi kome oss vel i hus.

Livet som nomade har gjeve meg mange koffertopplevingar, men kan ikkje anbefalast.


Vi har flytta inn og held på å gje huset vårt sin eigen stil

Dei siste månadane har eg budd litt i ein hybel med Fjordland som dagens høgdepunkt. Tilbrigd stort sett alle helgene på jenterommet heime og hatt alt eg treng i ein bag. Eg har følt meg som ein tenåring igjen med alle det inneber av positive og utfordrande sider.

Ein følelse av dårleg samvit og litt småflau over tal kolli i flyttelasset bestemte vi oss for å gå på loftsjakt i staden for å kjøpe så mykje nytt til rekkehuset vårt. I stova har vi fått opp nokre gamle danske designstolar frå svigers, det gamle teakbordet som besteforeldra mine hadde i kjellarstova for nokre tiår sidan, dog med ein litt moderne vri, også den gamle stå-lampa i tre har funne vegen opp.

Tross gamalt og gale har eg også ein personlegdom som Ole Brumm, «Ja takk begge deler!». Vi kjøpte derfor både ny sofa, nytt teppe og lyspære. Det skal seiast at disse vart kjøpt kvar for deg, men sum av summarum passa dei ganske greitt ilag.

Det er lett å gå i fella med mykje snurrepupperier og ende opp med ein «pensjonist-look». Vi prøvde derfor å sprite opp kvardagen med lampebokstaven vi laga vi sjølv til bryllaupet og tre nye heimelaga bilde. Vi mala tre ark i ulike blåtonar og klipte ut bokstavar frå ulike magasin. Plasserte dei i tre rammer og vips, enda eit personleg preg.

Sjølv om vi ikkje har budd her lenge har møblane mange gode historier på lur. Spent på kva som skjer vidare.

På skattejakt

Ein treng ikkje alltid gå så langt for å finne bortgøymte skattar. Nostalgien og minna strøymde mot meg når eg gjekk på loftsjakt hjå besteforeldra mine i helga.


Lampa som hang i kjellarstova. Middagsbordet i eik som har dekka til tolv ved små og store feiringar. Stoffmønster frå 70-talet. Skrivepulten frå det glade 80-talet,som eg lånte og malte spygrønn då eg gjekk på vidaregåande. Den gamle symaskina som har sydd utallige sting og redda mange augeblikk. Det er mykje meir spennande med eit djupdykk på loftet enn å gå seg vill på Ikea.

Neste helg flyttar vi inn i vår nye heim. Eit rekkehus, perfekt å leike gøymsel i. Når vi utvida horisonten frå ei lita leilegheit til eit rekkehus må vi sjølvsagt ha meir husfyll. Dagens fangst på loftet skal få ein ny heim og vi skal lage fortsetjinga på historiene.

Vi er allereie i gang med å gjere gråstein om til gull.

Ei ekstra merksemd

Til bryllaupet laga eg ein liten handsydd merksemd til alle gjestane. Eit symbol på at vi satt stor pris på kvar og ein.

Eg sydde små blondeblomar med strier, satengstoff, silkeband, perler, sikkerhetsnåler/klemmer, nål, tråd og vintageblonder. Eg byrja med å klippe til delane og hadde fleire små boksar med ferdigklipte delar i. I eit halvt år var dette handarbeidet mitt og fast inventar i veska. Eg hadde boksen med meg i parken, i bilen, i senga på stovebordet, i sofaen og på flytur.

Det gjekk ikkje ein biltur utan at eg hadde laga nokre blondeblomster. Eg fikk heller ingen tilsnakk om at bilen var full av trådar og perler til ein kvar tid. Lenge leve «happy wife- happy life»-prinsippet.

 

Mansjettblomstrane

Mansjettblomstrane til menna er laga ved at eg klipte ei remse med sateng. Trokla rundt og stramma slik at det vart forma som ein blomst. Eg la deretter vintageblonder rundt og opprivne strier i midten. Vidare festa eg ei rektangelforma strie rundt. Tvinna silkeband rundt stilken og samstundes festa sikkerhetsnåla.

Blondeblomstrane

På blondeblomstrane til damene byrja eg med å trokla rundt ein sirkel i sateng, stramma til slik at det vart ein slags pose. Sydde ei perle i midten for at det skulle sjå ut som ein blome og sydde på blonder rundt. Eg avslutta med å feste ei klemme i ein liten sirkel med strie under blomstren.

Dersom du vil ha ei meir grundig forklaring er det berre å gje ein lyd.

Eg kan også prøve å ta nokre betre bilde når vi har fått rydda opp i bryllaupskassa vår.

Som seg hør og bør!

Eg burde stått opp tidlegare. Eg burde kanskje ikkje lagt ut det bildet. Eg burde ikkje ha ete den sjokoladen etter frukost. Eg burde tatt meg ein joggetur. Eg burde jobba litt meir no når eg først har fri.


Denne genseren kan du lage sjølv (aasegenseren). Berre sjå her!

Alle desse tankane har gått gjennom hovudet mitt siste timane. Tolka med lupe er dei ganske ironiske og tvetydige. Vrir eg om, var det veldig deilig å sove litt frampå. Eg var greitt fornøgd med bilde eg la ut. Sjokoladen smakte veldig godt. Joggeturen kan eg alltids ta igjen. Det er digg med litt fri når eg har ferie. Men det er lettare sagt enn gjort.

Eg har tatt meg sjølv i å bli eit burde-menneske. I dei siste månadane har det gått sport i det. «Styggen på ryggen» har ikkje alltid rett, men det er vanskeleg å ikkje høyre på han når ein bør gjere både ditt og tatt. Det er veldig dumt at eg går glipp av mange fine studer fordi eg «burde.burde» eller enda verre berre fordi tankane mine flyg i fei retning. Om du er som meg er dette lettare sagt enn gjort, men det skadar ikkje å prøve.

No skal eg ta ein «tigergutt» dei neste dagane. Hoppe rundt og ta det slik som det kjem på min veg. Sjå muligheiter, samle fine augeblikk og prøve å ikkje tenke på «burde».

Dessutan, tygg på ordet «burde», det gjev inga meining…

Kjenner du deg igjen?

Håpar du får ei flott «tigergutt-helg»!

Those were the days

I min barndomsheim blir det spart på alt frå leikar, sekkar, bøker og kle.

Denne veka har eg tatt eit djupdykk i snurrepupperier frå mi «storhetstid». Alt frå Umbrojakka eg kjøpte til musikkleir i 2000, Mudd-buksa eg brukte første skuledag på vidaregåande og dei kvite skinnstilettstøvlettane eg kjøpte på jentetur til hovudstaden med buss.

Vi fann raskt ut at vi ikkje kunne spare på alt. Etter eit svalestup i minner måtte eg ta nokre avgjerande val. Heldigvis kan det hende at andre får nytte av kleda no når dei er sendt til Fretex.


I tillegg til kle har vi mange gamle leikar på loftet. Eg synes det er litt for gale at så mange minner skal ligge og støve ned i kasser. Valte derfor å spraye nokre av dei med malingspray.

Her kan ein velje sjølv kva farge og strukur ein ynskjer. Litt nytt og litt gammalt er ofte ein god kombinasjon.