Ikkje berre berre

Eg har vore der sjølv. Superengasjert. Ropa. Hoppa. Svetta. Gira på livet. Tatt ein ekstra runde berre for moro.

Oktober 2015 begynte det.Sakte men sikkert. Det var først synleg på kontoen. Pengane sila ut.  Månadlege beløp som verken redda liv eller gav skulegang. Det vart ikkje rom til det i kvardagen. Eller rettare sagt, gav eg det ikkje rom, gav det ikkje ein tanke. Dørstokkmila vart derfor lengre for kvar dag.

Graviditet, baby, ammeinnlegg og søvnlause netter skulle ikkje stoppe denne friskusen (trudde eg). Instagram var beviset på at det var mogleg, det var faktisk null problem. Eg kunne bli den nye ingerindubai (trudde eg).

Eg, Anne-Malin tidlegare kjend som Personleg Trenar, spinninginstruktør, aerobikkinstruktør, ho med  x-tal kurs i basisball, catslide og slynge.  Ein ekte friskus som hoppa på sykkelen fleire gongar dagleg uansett veir og vind er blitt (wait for it…) ein støttemedlem på treningssenteret! (I snart eitt år).

Poenget er. Beklagar at eg ikkje har vist forståelse for at det kan vere tungt å gå på trening. Beklagar at eg har ropt ut “det er ingen problem å ta ein til” i fleire år. Beklagar min tidlegare overtente treningskropp og uforskamma positive samt sportye innstilling.

Så, i går var dagen. Eg begynte med friskt mot og melda meg på ein saltime med futt i. Aldri har eg vore meir tung i kroppen. Aldri har eg brukt lettare vekter  (det var meir enn nok med min eigen kropp). Aldri har eg forstått bedre at det er ikkje BERRE å ta ein til. Aldri har eg blitt så sint for at instruktøren sparte det “beste” til slutt. Burpees….

IMG_3617 (2)

2017, bør vere året eg kjem ut av støttemedlemsskapet. Kroppen min har gjort ein formidabel innsats i 2016, men eg er no motivert til å ta over kontrollen. Gløym SK17, men sett deg nokre aktivitetsmål før det er for seint. Det skal i alle fall eg prøve på.