Cut the crap!

Mitt siste omsøm-prosjekt er denne gule gamle drakta. Eller rettare sagt, omklipp-prosjekt. For det einaste eg gjorde var å klippe. Eg klipte av armar og skjørt og knytte ein knute bak (sjå bilete under). Sidan kjolen er laga i eitt stoff som ikkje raknar valte eg å ikkje legge den opp. Grunnane til det valet er fleire. For det første klipte eg av såpass mykje stoff frå lengda i rein iver før eg fekk tenkt meg om. Dersom kjolen skulle blitt enda kortare (med opplegg) kunne ikkje ei jente på min alder bruke den. For det andre var det mindre jobb og særs tidsbesparande. Så då vart det slik. Har du ei saks, kan du med andre ord gjere det same.

Første og siste prosess var å klippe-klippe-klippe
Slik var drakta bak. Når eg spratt opp knappane vart det to stoffremser igjen.

Ein liten knute så satt drakta som støypt.

Av restane laga eg eitt seleskjørt og hue til mini.