Aasegenseren, oppskrift

I haust har eg og mamma hatt eit strikkeprosjekt på gang. Det heile starta med ei teikning og ynskje om ein spesiell genser.

Inspirera av både skappelgenseren og linelangmogenseren laga vi oss ein aasegenser.

 Her er oppskrifta under, ¨Du finn den også som pdf-fil her (dersom du vil skrive den ut).

Hadde vore veldig kjekt om du likte gensaren og laga den. Klart du klara det!

Eg hjelp deg gjerne til undervegs! Ta kontakt her eller på instagram @annemalinaase.

#Aasegenseren

Du treng:

5 nøste, i valfri farge, Kid-mohair, Annabelle (eller tilsvarande)

2 nøste gulltråd Lana Stop Chicago

(eller tilsvarande)

Rundpinne nr 5 (strikkefasthet 13 masker 10 cm)

Armane:

Legg opp 40 masker. Strikk 2 rett og 2 vrang (vrangbord), 4 cm. Hald fram med rett rundt og rundt (glattstrikk) til arma måler 50 cm (eller ynskja lengde). NB! Auk med to maske etter kvar 5. cm slik du har 60 masker når arma er ferdig. Bytt til gulltråd og strikk 6 omgangar med vrang i gull (3 riller med ribbestrikk). Fell av.

Bak og fram-stykket

Legg opp 140 masker. Strikk 2 rett og 2 vrang (vrangbord) i 4 cm. Hald fram med å strikke rett, rundt og rundt (glattstrikk) til arbeidet måler 35 cm (eller ynskja lengde). Bytt til gull og strikk to omgangar med vrangstrikk (rillestrikk). Set eit merke med sikkerhetsnål (eller anna) ved «maske 1» og «maske 70» for å dele arbeidet i to – fram og bak-stykket.

Bakstykket øvre del:

La «framstykket» vente enten på ein anna strikkepinne eller stor sikkerhetnål og gjer ferdig bakstykket. Fell inn 2 masker «under arma» dvs. strikk to og to masker saman). Strikk rettstrikk fell inn dei to siste maskene «under den andre arma». Hald fram med rettsrikk i gullgarn, 66 masker, (rillestrikk) i 15 cm (26 riller/52 omgangar). Når du er ferdig skal heile bakstykket måle ca. 50 cm. Fell av.

 

Framstykket øvre del:

NB! Du skal strikke kvar side av V-halsen kvar for seg.

Finn framstykket og fell inn 2 masker «under armen» (dvs. strikk to og to masker saman). Strikk 32 masker rettstrikk fell 1 maske, du er no komen til midten av framstykket og er i gang med V-halsen. Snu arbeidet og strikk rett tilbake.

Strikk fram og tilbake med rettstrikk (riller). Fell kvar fjerde omgang mot midten (ta av første maske og strikk saman maske 2 og 3). Hald fram med dette til du har 21 masker igjen og strikk vidare til du har 15 cm (26 riller/52 omgangar).

Gjer det same med motsett side av V-halsen.

 

Sy saman skuldrane og sy på armane med gulltråd.

Lykke til!

-Anne-Malin-

Ta gjerne kontakt om du lurer på noko!

Vis meg gjerne det ferdige resultatet!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *