Prinsessekjolen

På januarsalet i fjor kjøpte eg ein enkel kvit barnekjole med stroppar. Med litt glitter, blonder og ekstra stoff vart den til brudepikekjolen, enda finare enn dei du får kjøpt på brudesalongar (etter mi meining vertfall).

Foto: Martin Håndlykken

Det var først i juli, ein månad før bryllaupet, at eg visste korleis min brudekjole vart så då tok eg fatt på brudepikekjolen, vi måtte jo ha «matching».

Det fine med heilt enkle kjolar er at ein kan forme dei som ein vil. Eg sydde først på nokre korte arma i eit tynt kvitt stoff og deretter sateng kantband langs armane, det same som på brudekjolen.

Deretter tok eg blonder frå 60-70-og 80 tals-kjolen, perlebroderi frå Grønland og litt av den pynten Jenny Skavlan hadde på sin brudekjole. Hummer og kanari-filosofien lenge leve! Eg «trokla» alt på kjolen først slik at eg kunne eksperimentere med korleis resultatet skulle bli.

Når ho skulle prøve brudepikekjolen var eg litt spent om den passa. Reaksjonen, «Det er jo en prinsessekjole» og eit stort glis fortalte meg at også den vesle bruda var veldig fornøgd med resultatet.

Totalpris på brudepikekjolen vart i underkant av eit par hundtrelappar. Med litt nytt, litt gamalt, nål og tråd kjem ein langt.

Her kan du sjå filmen Brura!

«I mine gyllne skor»

Eg leita ei stund etter dei perfekte bryllaupsskoa. Dei kunne ikkje vere høgare enn 5 centimeter, då kjolen ikkje var lenger enn den måtte. Eg ville gjerne ha dei i sateng, men ikkje slik som «alle andre» har. Eg enda derfor opp med utstillingsmodellen til ein utgått modell og laga min personlege vri.

Mamma hadde spara hår-pynten sin frå 80-tallet og eg såg det som ein gylden muligheit å bruke dei på skoa. Eg tok derfor å limte dei bakpå hælen.

Dette kan du gjere på alle sko. Ei fin brosje, ein øyredobb, ei sløyfe eller liknande passar fint på skoa. Eit par minutt og litt kreativitet får skoa ein personleg vri.

Frå start til slutt

Ingen av dei tre brudekjolane eg ynskja å gifte meg i var draumekjolen. Men med rens, kreativitet, inspirasjon og mange timar med søm vart gråstein til gull.


Foto: Martin Håndlykken

Eg byrja tidleg i prosessen å teikne ulike skisser og klipte ut diverse brudekjolar på nettet. Når Jenny kom til Eid fikk vi sortert tankane og skissa eit utgangspunkt. Vi vart einige om å bruke den enklaste kjolen (svigermor sin) som base og krydre med dei andre. Sidan den hadde god passform trengte vi ikkje gjere noko med fasongen.

Eg hadde også leika med tanken om å gifte meg i ein kort brudekjole, slik som mommom. Sidan eg er ganske tradisjonell av meg synes eg at det passar best med lang kjole under seremonien. Her kjem det fine med å lage sin eigen variant; ein kan få det akkurat slik ein ynskjer. Vi bestemte oss derfor å lage eit skjørt av 60-tals kjolen som eg kunne bruke til kaffien. Perfekt å svinge seg i svansen etter ein lang dag.

Når eg henta kjolen i Oslo var bløtkaka klar til å pyntast. Vi kjøpte flotte blonder frå Rainbow tekstil som vart sydd på rundt livet, og rundt halsen. Deretter laga eg rosettar av alle dei tre brudekjolane som eg festa tett i tett på skuldrane. Its all inn the details. Her følgde vi; jo-meir-jo-betre-prinsippet for å få eit voluminøst blikkfang.

 

Dersom eg skulle gjort noko annleis ville det ha vore å reinse kjolane før vi byrja å sy på dei. Då har ein eit finare utgangspunkt og det vert lettare for reinseriet. Kanskje det er berre ein reins og litt pynt du treng for at den gamle kjolen skal bli din draumekjole?

 

At vi brukte alle tre kjolane og kombinerte dei betydde enormt mykje for meg, og damene bak.

Les meir om framgangsmåten og detaljar på Jennyskavlan.com.

Eg lagde også min eigen variant av brudeskoa og brudepikekjolen. Kjem snart på bloggen om du vil sjå.

Sveisen flette og snasen tøtte!

Innlegget inneheld prduktplassering.

I april ringte det eit ukjent nummer. Eg tok telefonen med ein litt halvkrass stemme, klar til å avfeie selgaren. Det eg ikkje visste var at dette var starten mange hyggelige stunder. «Hei, det er Iselin, stylisten din», sa ei vennleg bergenstemme, langt i frå den bergensstemma som ein forbinder med Davy Watne. Dette var starten på mykje latter, inspirasjon, opplevingar og ikkje minst ei fantastisk brudefrisyre toppa med enkel sminke, eller Make up som sikkert Iselin ville sagt.

Det er ikkje å stikke under ein stol at eg og Iselin kjem frå to ulike verdar. Eg hugsa framleis reaksjonen hennar når eg sa at håret mitt var ufarga og eg ikkje brukte så mykje tid på sminke. «Hæ? Har du sann jomfruhår?». Vi braut ut i latter og slik haldt det fram.

Ei nydelegare, sjølvironisk og meir tolmodig jente skal ein leite lenge etter. Vi prøvde ulike stilar og laga fleire moodboards på Pinterest, men det var liksom noko som mangla. Ein månads tid før bryllaupet, tikka det inn ein mail frå Iselin med verdas finaste flette dekt i blomster. Vi laga vår eigen versjon og Iselin kan trylle, for finare frisyre har eg aldri sett. Sminka hald vi enkel etter ønske frå #brura

 

Tusen takk for at dokke valte den beste Wearhouse-Gorgious London. Tusen takk for inspirasjon, latter, tolmodighet og ein fantastisk brudelook Iselin Styve!

 
Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Martin Håndykken

Kva synest du? Korleis var din brudelook? Eller har du ein favorittlook?

I morgon kjem det meir detaljar rundt kjolen, klikk deg inn om du vil!

Eit blomsterhav

Foto: Martin Håndlykken

Innlegget innheld produktplassering.

Kvart einaste år dyrka bestefar min fram flotte hekkar med ertrebomster. Fargane, lukta og fasongen på disse har alltid fasinert meg og minne meg om sommar. Det var derfor ekstra kjekt at eg kunne ha erterblomstrar i brudebuketten min. Anders, eg og bestefar min (saman med Jenny og filmteamet på nakken) plukka disse dagen før bryllaupet. Sjå meir her eller på Jennyskavlan.com. Dei heimelaga og velduftande blomstrane vart brukt i brudebuketten og i blomsterkransen.

Bryllaupet vart eit blomsterhav med alle mine favorittblomstrar i ulike duse fargar, det skal kreative og dyktige Mariell Lopez frå Mestergrønn ha æra for.

Eit par månadar før bryllaupet snakka eg og Mariell om korleis eg såg for meg blomstrane. Vi delte nokre Pins og saman vart vi einige om korleis det heile skulle sjå ut. I Oslo møtte eg ho på Mestergrønn og vi la ein endeleg plan.

Dagen før dagen kom Mariell med eit blomsterhav eg aldri har sett maken til. Det var meir blomster enn den vesle bygda Nordfjordeid hadde tatt inn heile det året. Når blomstrane var ut av bilen vart vi alle mann med på å lage små bukettar.

På førehand hadde vi hatt eit familieprosjekt der vi gullspraya store mengde med glassflasker og syltetøyglass. Kjende og kjære hadde glassinnsamling i kjellaren og etter ein runde med Zalo, rødsprit og gulltagging var «vasane» gode som ny. .

Kyrkja var også fylt opp av små flotte bukettar på benkeradene laga av Mariell. Disse hang i smootieglas som tanta til Anders hadde samla på.

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Martin Håndlykken

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

Foto: Britt Merete Aase

 Enorm stor takk til Mariell og Mestergrønn som verkeleg gjorde dagen vakker!

Over helga skal eg gå i detalj på korleis vi laga kjolen frå ide til ferdig resultat.

Tusen takk!

Tusen takk for ei draumereise!

kL0e4-x8sFc

Foto: Martin Håndlykken

Takk for fantastisk inspirerande hjelp Jenny!

Takk for verdens finaste hår og sminke Iselin Styve (Gorgeous of London).

Takk for nydelege blomster Mariell Lopez og Mestergrønn.

Takk for at dokke hadde trua Showbirds!

Du finn meir på Jennyskavlan.com og du kan sjå meir her (skroll i veg).

Dei nermaste dagane skal eg gå meir i detalj her på bloggen, for den spesielt interesserte er det berre å følgje med.

Det ordna seg tilslutt

Ein månad før bryllaupet reiste eg spent og forhåpningsfull til Oslo for å hente brudekjolen. Eg og Jenny hadde snakka om korleis brudekjolen skulle bli, og forventningane mine var skyhøge.


Som alltid vart eg møtt med eit stort smil og strålande gjestfrihet. Vi møttest først ved skreddaren, som hadde tatt på seg litt for mykje når han sydde på perlebroderiet. Heile kjolen var krøllete og delvis gul frå vasken. Stoffet var tatt frå tre gamle kjolar og det kunne ein lett sjå. Kunne dette bli draumekjolen?

Jenny hadde gjort ein fabelaktig jobb frå skisse til ein unik base. Då vi kom til leilegheita hennar og snakka om planane vidare fikk eg også ein ny giv. Jenny viste meg vidare korleis eg kunne rette på perlebroderiet og lage rosettar av blonderestar.Eg trøkka brudekjolen ned i handbagasjen og planla allereie på veg til flyplassen korleis eg skulle gripe det heile ann.

Dagen etter byrja eg med å rette opp igjen perlebroderiet. Den kommande veka bar preg av perler, blonder, sying, latter og sjokolade. Brudekjolen vart eit familieprosjekt. Dagane og kveldane der vi satt og laga små blondeblomster av brudekjolerestar er minner eg aldri ville vore forutan. Resten av bryllaupsplanlegginga fikk ikkje ein tanke og vi storkosa oss under prosessen.

Vidare sendte vi kjolen på reins. Stakkars dama som skulle reinse den, for eg var ganske så tydeleg på kor mykje historie og energi som låg i kjolen. Då vi henta brudekjolen hadde dei verkeleg gjort ein fabelaktig jobb. Alt gulskjeret var vekk og kjolen var god som ny. Ingen kunne sjå at det var ein eldgammal brudekjole.

Eg enda opp med draumekjolen og eg ville ikkje ha bytta for noko i heile verda. Det var ei fantastisk reise og eg har opplevd meir enn eg kunne draume om. Dette gav meirsmak og inspirasjon.

Ville du gifta deg i ein gamal brudekjole? Med god hjelp på vegen kan det fort bli perfekt, eg snakkar av erfaring.

 Gler meg til å vise delar av reisa på jennyskavlan.com i morgon.

Spent og glad kan eg avsløre at….

«Eventyrbryllaup byrja ofte med eit frieri, men i mitt tilfelle var starten på eventyret ei kreativ og inspirerande bestemor, to heimelaga brudekjolar og eit bildeoppslag av Jenny Skavlan i Se og Hør.»

 
Foto: Britt Merete Aase

Eit lite halvår etter bryllaupet skal vi dele vår historie. Historia om tre gamle brudekjolar, ei overivrig kommande brud, hennar famile som ikkje visste kva dei gjekk til og ein veldig tolmodig mann. Reisa frå inspirasjonsboka og stalkinga av Jenny Skavlan i mai 2014 til ei minneverdig bryllaupsfeiring august 2015  er godt dokumentert og på fredag kan den som vil sjå filmen!

Eg kjem til å legge ut diverse frå førebuinga dei kommande dagane, men om du vil ha meir no kan du lese og sjå bilde her, skroll i veg så finn du det meste under kategorien «BRUDEKJOLEN».

Alle skal få sjå!

Det var ein gong, for ikkje så veldig lenge sidan, at Askepott fikk store draumar oppfylt.

Foto: Martin Handlykken

Askepott kom frå ein stad langt, langt borte, ja for nokre kanskje lenger enn langt. På denne vesle staden var ho berre ein fergetur unna Askeladden, som seinare viste seg å vere draumeprinsen.

Etter nokre år klarte han å målbinde henne og det skulle feirast bryllaup.

Askepott hadde ein tanke om den perfekte brudekjolen, men korkje snakkande fuglar eller magiske nøtter for å lage den.

(Sjå frå 1.min ut i filmen under.)

20DF6U1HcGQ

Film frå filmweb.no

Askepott derimot, hadde tre kvinnelege forbilde. Tre damer i nær familie som berre ville ho godt. Desse inspirerande damene hadde tre brudekjolar med tre unike historier. Draumen til den vordande bruda var å «sy» kjolane, familiane og historiene saman (bokstaveleg og biletleg talt).

Askepott trudde lenge at draumen ikkje kunne bli verkeleg og at ho måtte ende opp i ein polyesterhaug frå Kina på den store dagen.

Men den gang ei.

Då alt såg mørkt ut kom den gode feen , som ein frisk pust i ei sky av blonder og glitter.  Askepott manna seg opp og ba fint om råd. Askepott såg seg fornøgd med det. Ho visste ikkje at dette berre var byrjinga.

Den gode feen ville hjelpe Askepott. Det eine førte til det andre og Askepott fikk seg ei reise ho aldri vil gløyme.

Eg kan ikkje avsløre alt. Men også dette eventyret enda på tradisjonelt vis, sjølv utan glassko og gresskar.

I eventyrets ånd kan du sjå denne historia på snart nett!

 Nett-tv serien om brudekjolen blir lansert i september!

Følg med her, på side2.no og jennyskavlan.com.

Utgangspunktet

Brudekjolen heng no trygt på soverommet mitt.

Den kom seg heilskinna gjennom rens og vask, så no er den snart klar for å sjå dagens lys.

Eg er veldig nervøs på korleis den blir mottatt,.Sidan vi har «hausa » denne kjolen opp i skyene kjenner eg litt ekstra på presset.

Brudekjolen er verken ein  «polyesterhaug frå Kina» eller den typiske 2015-brudekjolen. Kjolen er enkel og fin med (naturleg nok)eit vintage preg. Det finaste med kjolen er symbolikken og det som ligg i bakhand.

Eg gleda meg til å vise den fram. Synes det er kult å kunne føre på CV`en at eg har sydd min eigen brudekjole.

Tenkte å vise dokke dei første skissene som Jenny teikna etter ho hadde sett kjolane for første gang.

Har du ein favoritt?

NB! Det er ingen av disse som vart den endelege skissa, men ein kombinasjon av fleire.

.

Håpar du nyt dei siste dagane i juli! Snart blir det bryllupsbonanza og bridezilla-overload på bloggen.

Det er heller ikkje lenge til brudekjole-serien kjem på NETT-TV.