I mål!

I dag har eg sydd siste stinget i brudekjolen min.

Då eg var i Oslo for eit par veke sidan fikk eg med meg kjolen og sulle ta sjarmøretappen på kjoleeventyret. Denne veka har eg kosa meg med finpuss og pynta kjolekaka med «hummer og kanari». Eg har brukt blonder frå Grønland, litt «pynterestar» frå Jenny sin kjole, stoff frå mamma,bestemor og – svigermor sine kjolar for å dekorere. Alt er sydd på for hand i ein frodig samansurie av detaljar. Litt av alt, slik eg lika det.

Kjolane har budd bakerst i klesskapet i 50, 40 og 30 år. Dei siste tre månadane har dei sett verda og reist frå land til strand. Reisa starta på Nordfjordeid, deretter i ein bag med nattbuss til Oslo. Her fikk dei ly hjå Jenny og Fingern samt nokre netter hjå ein tyrkisk skreddar. Vidare vart dei stappa og pressa ned i ein handbagasje-koffert med fly til Bergen før dei kom tilbake til opphavet på Eid. Her har dei fått retta opp i nokre skjønnhets-feil samt fått prikken over i-en. I dag køyrte vi kjolane til ein siste oppfrisking og reins slik at brudekjolen min blir klar om nokre veker.

Her er kjolen, berre synd eg stod litt i vegen…

Eg kan røpe at det er mykje handsaum på kjolen og eg er litt engstelig for at den kanskje ligg i blaut akkurat no. Eg er ikkje verdsmeister i å feste lause trådar, men kryssar fingarar og bein for at det helde. Kjolen er sjølvsagt som alltid i trygge hender.

Denna flotte dama har gjort jobben min lettare, men neste gang er det min tur til å bruke kjolen.

No er eg i full gang med brudepikekjolen. Synes det er ekstra kjekt om den matchar min, så legg litt av sjela mi i den også.

Håpar helga di blir fantastisk fin!

Yes to the dress

Kva tenke du når det er snakk om brudekjoleprøving?

I mitt hovud er det «Yes to the dress»-tendensar. Ein fancy butikk som vert kalla salong, der ein må ta av seg på beina før ein kjem inn. Store kvite lokale med brudekjolar overalt og gjerne ei overdådig lysekrone eller to. Prøveromma er store som gjesterom og bruda får hjelp til alt, frå å feste skoa til å ta kjolen over hovudet. Brudekjole–konsulenten har kvite silkehanskar når ho tar på kjolane med den største forsiktighet. Bruda og hennar nærmaste har gjerne noko godt å leske seg på medan dei sitt i ein vintage fløyelssofa.

I går prøvde eg brudekjolen min for første gang, og det var vel ikkje heilt som beskrive ovanfor. Eg prøvde den i ei bakgate i Tigerstaden hjå ein tyrkisk mann som dreiv renseri og jobba som skreddar. Butikken var full frå topp til tå, litt sko her, litt stoff der, nokre ark her og litt vasketing der. Det var ikkje så mykje kvitt i lokalet, det gjekk mest i bruntonar og burgunder.  På døra hang det ein solbleika 80-tallsplakat frå det tiårets brudekjolar. Heile butikken var kanskje 12 kvadrat og prøverommet tok eit av dei kvadrata. Det var vegg på eine sida, forheng på andre og luftehol på siste kant. Eg fikk kjolen servert i ein gjennomsiktig plastikkpose, med ein ny kaffiflekk og utanfor stod Jenny og den tyrkiske skreddaren med kamerateam på slep.

 Kanskje ikkje ting er så veldig fancy i dette eventyret, men det er vel så bra om ikkje betre. No får eg ein unik kjole proppfull av historie frå Nordfjordeid på 60-talet og til Oslo i notid. Ei lysekrone eller to får ikkje meg til å angre på at eg ikkje valte ein «polyesterhaug frå Kina».

Brudekjoleprøvinga var ein ny og spennande oppleving som eg aldri kjem til å gløyme.

No er eg i gang med sjarmøretappen av kjolesyinga og det går i blonder og perler frå morgon til kveld.

Eg tok dessverre ikkje bilder frå den første prøvinga., men angrar bittert. Heldigvis lev minna og det kjem på nettTV til hausten.

Vaktbikkje

Oslo visar seg frå si beste side i dag. Sola skin og eg sit i parken, slik som dei andre urbane sjelene i Oslo. Det som skil meg frå mengda er kanskje trillekofferten. Mange tenke sikkert at eg har den med for å få god støtte i ryggen her eg sitte, men den gang ei..Den er nemleg fylt opp med brudekjolen min som eg atm voktar med mitt liv.

Så no kosar vi (kjolen og eg) oss i sola før eg vende nasa tilbake til Bergen i kveld. Skal vise sneakpeak og fortelle meir om dagen snart!

Ha ein flott sommardag! Ser du ei litt forvirra bygdejente med trillekoffert i byn så smilar eg gjerne tilbake!

Svigermors draum?

Skal du halde deg inne med svigermor er det beste tipset å gifte seg i den gamle brudekjolen hennar.

Kvar gong eg seie at eg skal gifte meg i svigermor sin brudekjole assosiera eg det med ein romantisk komedie; ei litt over-ivrig svigermor og eit mareritt av ein brudekjole. Brudekjolen er då gjerne fleire størrelsar for stor og utan sjarm. Dette er heldigvis ikkje tilfelle i denne romantiske komedien for her er det snakk om ei strålande svigermor og ein stilig rein 70-talls brudekjole.


Eg skal gifte med i bestemor mi, mamma og svigermor sin brudekjole. Det heile starta med ei inspirasjonsbok og no er draumen i ferd med å gå i oppfylling! Gjett om eg gleda meg.

Mine kommande svigerforeldre gifta seg 2. april 1977 i Balestrand.

Eg er veldig takknemlig for at eg har fått denne flotte brudekjolen frå det glade 70-tall. Kjolen satt ironisk nok som eit skudd og passa perfekt på meg. Seier kanskje litt om at Anders (sambuaren min) går etter ei som likna på mora?

 

Det betyr mykje for meg å gifte meg i delar av denne brudekjolen.

For det første er det ei ære å kunne føre «tradisjonen» vidare og det er veldig kjekt at kjolen får nytt liv. Men ekstra fint er det at dette kjoleprosjektet står som eit symbol på at to familiar blir «smelta» saman. Til sjuande og sist er det dette bryllaup handlar om.

Mi kommande svigermor er ei flott og omsorgsfull dame med pågangsmot og bein i nasa. Ho får til det ho vil og sett andre framfor seg sjølv. Det står det respekt av!

Eg er stolt av at eg får bruke brudekjolen din når eg skal gifte meg med guten din!

Tusen takk for brudekjolen!

Back to the 80`s

I dag har foreldra mine 30-års bryllupsdag, perlebryllaup.

Dei gifta seg heime på Eid og brudekjolen til mamma hadde bestemor mi laga. Tenk at om 2 månadar skal eg gifte meg heime på Eid og i nesten den same kjolen.

Mamma og bestemor mi reiste i 1985 til Bergen for å kjøpe stoff og mønster til brudekjolen hennar. Mamma har fortalt meg at det var ein sjølvfølgje at ho skulle ha ein heimelaga brudekjole, det var berre slik. Tenk kor mykje kjekkare det er å kunne lage brudekjolen sin sjølv enn å berre gå inn i en butikk å peike ut. Eg er vertfall strålande fornøgd med at eg får vere med på ei liknande oppleving.

For eit par helge sidan klippa eg i brudekjolen så det er ingen veg tilbake. Men eg kan garantere at kjolen ikkje forsvinn, men blir ein betre utgåve av seg sjølv. Din var perfekt til 80-tallet men den nye blir perfekt til dette år-hundre.

Gratulerer med bryllaupsdagen mamma og pappa!


Tusen takk for brudekjolen din mamma.

Det betyr mykje for meg å kunne gje den eit nytt liv og starte mitt liv ilag med Anders i same kjole som du gifta deg i.

Dette er altså kjole nummer to i brudekjoleprosjektet.

Her kan du sjå og lese meir om den eldste kjolen.

Kunne du tenkt deg å gifta deg i brudekjolen til mor di?

Drømmekjolen og marerittet

Søndag prøvde eg brudekjolen min. Den er ikkje ferdig enda, men Jenny er komen så langt at eg fikk eit bilde av korleis den blir. Og eg er meir enn fornøgd.

Kjolen blir ein mix av bestemor mi, mamma og svigermor sine brudekjolar. Det er litt av eit prosjekt og eg skal ærleg innrømme at eg var litt redd for at det ikkje kom til å sjå ut i måneskin. Her er mareritt eksempelet:

Då eg prøvde kjolen på søndag gjekk det heile opp for meg. Eg har lenge vist at alt skal skje, men det var likevel ein oppkvikkar å få på kjolen. Jenny har til no sydd alt sjølv, men eg har vore med på utforminga av skissene. I helga fikk eg også klippe litt. Den foreløpige planen er at eg skal få ta sjarmøretappen og sy «ferdig» kjolen når den tid kjem.

Eg er veldig spent, men veit no at kjolen blir passe vintage, passe moderne, passe med stæsj i tillegg til å ha ei unik historie og symbolsk betyding.


Håpar søndagen din er fin og at du ladar opp til ei ny veke med nye muligheita. Vi skal ha visning neste veke, så her går det i rydding og nedvask. Eg fikk sneke meg ut for å skrive dette innlegget, men no er det vel på tide at eg bidrar litt til.

Korleis er din søndag? Er du klar for ei ny veke?

Havna på stoffkøyret

Eg skjønnar at ein kan bli avhengig, for så mykje fint stoff som på Rainbow har eg aldri sett maken til.

Det er på Grønland det skjer og dei har alt frå den finaste silke og handsydde perlebroderi til paljettstoff og super-harry pelsstoff.

Trur eg må ta meg ein tur igjen til Oslo for å gå på stoff og perlebutikkar. Her i Bergen må eg vete kva eg skal lage før eg går ut døra, men der kan ein berre gå inn i butikken og så kjem inspirasjonen sigande.

 På Rainbow kjøpte vi eit fantastisk flott stoff fult av perlebroderi. Det er vel det mest sukkersøte stoffet eg har sett, men så skal det jo brukast på «alle klisjears dag». Kva passar vel betre på den finaste bløtkake-kjolen?

Har du tips til slike inspirerande butikkar?

God laurdag til deg!

Snurrepiperier og snuppedupper

Antikkvarehuset er ein bortgøymd skatt med mage artige saker og ting aka snurrepiperier.

Vi var på jakt etter vintageblonder frå 60-talet som kunne pynte opp brudekjolen og anna i bryllaupet.

Det fann vi, metervis.

Sidan eg ikkje er vandt med østlandsveir valte eg mys-look istadenfor solbriller.

Eigaren av butikken var ein artig skrue og bad verkeleg på seg sjølv. Vi fikk både ekteskapstips, mange gullkorn, festelige historier og tørrvittige vitsar (må opplevast) på kjøpet.

Etter ein runde i butikken enda vi opp med syntetiske blonder og ein søt hårbøyle.

Typ: «Jeg har slikt å føre, jeg har slikt å gjøre, så eg fører vel den». Den livsfilosofien passar meg i grunnen bra.

Vi bestemte oss for å ikkje bruke blondene frå førre år-hundre på brudekjolen, men eg har ein hemmeleg plan der blondene kjem godt med.

Håpar du får ei strålande helg.

Her er det beina på bordet, venninnetid,konsert og nedvask som står for tur.

I perlehumør

Perlehuset var som ein godteributikk med alle perle-sortane du kan drømme om. Merka at eg gjekk i mi eiga boble der inne, heilt blenda av alle fargane og glansen.


Legg merke til dei hypnotiserte blikka…

På perlehuset valte vi ut perler som skal pynte opp brudekjolen. Eg kan røpe såpass at vi kjøpte både blomsterperler, glassperler, kviteperler og hjerteperler.

Eg har ein plan om å skinne om kapp med sola 1.august og då treng ein litt paljettar og stæsj. Om vi brukar alt vil tida vise, men det er alltid greitt å ha perlepynt på lur.

Eg fikk også kjøpt meg nokre frynser og fansy plastpynt som eg tenke å dekorere nokre kjolar med.

Det skal ikkje alltid så mykje til for å pynte opp eit plagg. Ei frynserad så er mykje gjort.