På skattejakt

Ein treng ikkje alltid gå så langt for å finne bortgøymte skattar. Nostalgien og minna strøymde mot meg når eg gjekk på loftsjakt hjå besteforeldra mine i helga.


Lampa som hang i kjellarstova. Middagsbordet i eik som har dekka til tolv ved små og store feiringar. Stoffmønster frå 70-talet. Skrivepulten frå det glade 80-talet,som eg lånte og malte spygrønn då eg gjekk på vidaregåande. Den gamle symaskina som har sydd utallige sting og redda mange augeblikk. Det er mykje meir spennande med eit djupdykk på loftet enn å gå seg vill på Ikea.

Neste helg flyttar vi inn i vår nye heim. Eit rekkehus, perfekt å leike gøymsel i. Når vi utvida horisonten frå ei lita leilegheit til eit rekkehus må vi sjølvsagt ha meir husfyll. Dagens fangst på loftet skal få ein ny heim og vi skal lage fortsetjinga på historiene.

Vi er allereie i gang med å gjere gråstein om til gull.

Med nervane i spenn!

Budrunde og mitt konkurranseinstinkt er ikkje den beste kombinasjonen. Det hjelp ikkje med ein lunka bankkonto og heller ikkje at eg hatar å tape. På den andre sida er eg ein veldig god vinnar og førre veke slo vi på stortromma.

Eg unna ingen å kjøpe brukthus. Timane, minutta og sekunda i ein budrunde er like dramatisk som under NRK-serien «solgt». Klam i henda, flakkande blikk på mobilen og vill i blikket bydde vi mann ut av «huset».


Livet er fult av kontrastar. I førre veke valte eg å gå innom fleire daglegvarebutikkar for å spare nokre kroner og dagen etter brukte eg nokre millionar etter kort betenkningstid.

Man får det ikkje meir moro enn ein lagar sjølv så no er det ikkje lenge til vi kan spele boccia i eigen hage og ta trappetreninga innendørs. Men det beste med dette er at eg får eit eige «rote-rom» eit rom der eg kan symaskina stå framme, la perler og stoff ligge lett tilgjengeleg og berre la kreativiteten gå sin gang.

Nedvask og opptur

Denne helga er glitter og stas bytta ut med mikrofiberklut og fjas.


Vi skal tilbringe helga i salmiakkrus og Jif-odør for å ta eit gullande reint farvel med Bergen.

Dog håpar vi på opptur etter nedvask.


Eingangsfat er kjøpt inn, ferdigpizza står på menyen og liggeunderlaga er rulla ut på golvet.

Utvaskmodus er på, og tross min klutenallergi er det vel betre med litt vask i helga enn heile helga i vasken.


 Mine beste tips til helgevasken
1. Sett på høg musikk og syng med.
2. Bruk ekstra grønnsåpe og vaskespray (nokre gonger er det nok å sette fram ei skål med grønnsåpe).
3.Ofte held det med ein runde med støvesugaren.
4. Kjøp inn smågodt som lønn evt. motivasjon undervegs.
5. Gjer det saman med nokon så går det dobbelt så fort (og du får halvparten så mykje å vaske).

Støvesug og selg (leilighet), god helg!

Rock`n roll

Nordfjordeid er langt frå verdas navle, men ei helg i året blir denne vesle bygda til eit midtpunkt og rosina i pølsa for både liten og stor. Midt i juli er det tid for Malakoff Rockfestival. Ein tretten år gammal festival som starta med at nokre russ ynskja å gå på festival og no har bygd seg opp til å bli ein av Norges beste.

Det er denne helga i året dugnadsånda i bygda verkeleg kjem fram. Det er denne helga alle blir rockarar. Nokre tar på seg felleskjøpsdressen som festantrekk medan andre går med stølvar og shorts uansett vêir og vind. Det er folk i kvar ein krik og krok på Nordfjordeid disse to dagane, og det går litt over stokk og stein. Det er også denne helga eg innser at eg byrja å få litt livserfaring når stadig yngre ungdommar kjem inn på «18års-området».Og ikkje minst, det er denne helga eg konsumerer ein god del rockeburgarar med ekstra dressing.

Eg er ikkje ein typisk festivaldeltak, om det fins ein prototype på dette. Men eg er veldig glad for at eg kan gå heim når festlighetane er over og legge meg i ein varm seng. Synes litt synd i dei som la seg inn i fuktige og kalde telt i natt, YOLO.

Eg har vore på Malakoff Rockfestval sidan 2003. Hugsa godt første året då vi var fem hundre besøkande og Surferosa var headliner. Starstruck som eg var fikk eg tatt bilde saman med vokalisten med mitt nye eingangskamera. Trur eg brukre tre av dei tjuefire bilda for å forevige augeblinken.

 

I år var det rundt 20 000 solte bilettar. Dei musikalske høgdepunkta for meg var utan tvil Emilie Nicolas, Susanne Sunnfør, Team Me og Kasers Chefs, men Thea Hjelmeland var også veldig bra.  Ikkje minst hadde ho verdas finaste jakke.

 

Stemninga i helga har vore upåklageleg og fylt med sprell, latter og song.

 

Takk for denne goagen Malakoff! Eg er allereie klar til neste år!  «Same procedure as every year».

Eit lett val

Om eg måtte valt eit plagg og eit mønster for sommaren hadde eg enda opp med ein blomstermønstrete jumpsuit eller ti. Eg kunne lett flytta inn i denne festversjonen av ein onepiece.


Makan til meir behagelig plagg skal ein leite lenge etter. Eg veit ikkje om eit anna plagg som passar like godt til fest som på sofaen og midt i mellom. Kanskje maxikjole er i den kategorien, men i jumpsuiten treng ein ikkje passe på å ha samla bein og ein har heller ikkje problem med å klatre i trær, dersom ein ynskjer det.


Blomster og klare fargar er ein sikker vinnar hjå meg og eg trur eg har litt for mange blomstrete plagg.

Fint at det er sommar og derfor ein gylden mulighet til å kle seg som ei blomstereng dagleg.

Trur aldri eg har vore særleg heldig på eit hoppebilde, men det stoppar meg ikkje i å alltid ha ein trang til å ta det.

Ha ei hoppande fin helg!

TGIF

Fredag,helg, blomster og sol!

Trur fredag er den beste dagen i veka. Då har ein heile helga framfor seg. Eg høyre rykte om at sommaren og sola kjem i morgon så no skal eg lade opp til morgon-dagen med Club sandwich og eit par timar på sofaen.

Gjekk for ton i ton i dag, men måtte sprite opp med litt blomster.


Eg er ingen blomsterdekoratør, men litt over snittet glad i blomster så tok å laga med ein blomsterkrans med peonar og ståltråd. Har aldri gjort det før, men fikk det greitt til.

Oppskrift kjem i morgon!

Ha ein fin kveld og nyt helga!

Så levde dei lykkelig i alle sine dagar!

20. mai 1961 gifta besteforeldra mine seg.

Dei har altså imponerande 54-års bryllaupsdag i dag og er like flotte no som den gang.

IMG_0058

 Mommom og Bestepappa (ja, eg kallar dei det), gifta seg på Pinseaftan, ein strålande vårdag på Nordfjordeid. Dei har fortalt meg at dei «delte» kyrkja med eit anna brudepar og feira bryllaupsfesten heime i stova.

Vi skal ha ein litt anna bryllaupsfeiring, men eit par ting blir likt. Vi skal gifte oss i same kyrkje og eg skal bruke delar av brudekjolen til mommom.

IMG_0055

Gratulerer med bryllaupsdagen, eg er heldig som har dokke.

Håpar mitt ekteskap blir like langt og godt.

Her kan du lese meir om den unike sjølvsydde brudekjolen til bestemor mi, som snart skal bli til min.

Gratulerer med dagen!

IMG_4610 – Kopi

I år har eg feira 17.  mai slik som før i tida. Vi gjekk saman med barndomsvenninner i toget og ting var omtrent som før, berre med eit par små sjarmørar og fast følgje på oss alle mann. Vidare har vi ete rømmegraut, tatt mange bilde og skal kose oss med kaker og is resten av kvelden. «Same procedure as every year….»

20150517_100641 20150517_101004 20150517_105907

Eg er veldig glad i tradisjonar og meiner at tradisjonar er til for å følgjast.  Men eg skjønnar at vi er i ein alder og livssituasjon der tradisjonane gradvis vert endra. Eg ser fram til å halde fast på nokre av dei, men er også klar for små moderasjonar.  Tida vil vise.

Mine to favorittar.
Mine to favorittar.

IMG_4861 – Kopi IMG_4839 – Kopi IMG_4598 – Kopi

Bunadspullups må til.
Bunadspullups må til.

Gratulerer med dagen og hipp hipp hurra!

IMG_4728

 

Våryr

Det er alltid godt å komme heim til Eid. Den vesle bygda er som tatt ut av eit postkort på ein godvêrsdag.

20150515_144348_HDR 20150515_145642_HDR

Gjørme opp etter leggane, maur i sokkane, eit par fall og våt snø er rask gløymt når ein kan sette seg på toppen, høyre snøen smelte og kjenne at sola varmar litt.

Favorittutsikta mi.
Favorittutsikta mi.

20150515_134552_HDR Endeleg er sommaren på veg og den er hjarteleg velkommen. Eg prøvde å sole meg litt i dag, men det var hakket for kaldt. Eit par veke til så tenke eg bikiniane kan få lufte seg.

20150515_152709_HDR

Ha ei strålande helg!