Redebygging

Dagleg hentar eg nye pinnar til redet. Eg sortera og leita etter dei finaste kvistane, berre det beste er godt nok. Eigentleg liknar eg mest ei kråke, sidan alt som glitrarar vert prioritert.

IMG_7812

No er eg blitt såpass stor, såpass svett og har såpass mykje vatn i kroppen at mini berre kan komme. Eg gler meg veldig til å helse på det vesle nurket vårt.

For å korte ned ventetida har eg laga ein liten kosekrok på soverommet.

IMG_7814

 

Sprinkelsenga frå Ikea fikk eit eige særpreg med nokre tapetrestar.

IMG_7821

Apekatten er hekla med utgangspunkt i oppskrift frå boka «Hekling til småfolk» – Vibeke Magnesen.

 

IMG_7818 Ramma og lyslenka er kjøpt på Nille. Bilde kjem etterkvart. IMG_7827

«Teddy» er hekla på frihand. Når «mannen» kjem med hekle-ønske er det berre å sette i gang. Inni «huset» har eg brukt ein slags tapet frå Søstrene Grene.

IMG_7826

Frå ugras til kunstverk

Eg har vore «jonsokbrur» i fleire år. Draumt om å ein dag bytte ut blondeduken, den altfor store nattkjolen, min bror som brudgom og løvetannen i håret med ekte varer.

F80A2235

I fjor kunne eg smykke meg med ein ekte brudekjole, velduftande blomar og ein «ekte-mann».  Sjå meir her. 

F80A2249Vil du lage ein blomsterkrans til kveldens feiring liknande denne, finn du oppskrift på mestergrønn.no. 

150801_0446

IMG_5216 (2)

Dersom du vil lage ein litt enklare variant som denne, kan du sjå her.

God jonsokaft/St. Hans!

IMG_5359

Cut the crap!

Med nye, tomme, kvite veggar klør det i fingrane for å få opp noko pynt. Noko fint og sjå på. Gjerne med fine fargar. Gjerne med glitter. Gjerne med blomar og bling.

«Live, love, laugh» er sååå «2015». Eg, som fleire, har hatt min periode, men som tights og platåsko kjem den vel tilbake som juleaftan på kjerringa.

Førre veke prøvde eg å avslutte eit trufast forhold. Mailen var sendt, rekninga makulert og månadar med tom postkasse var i vente. Dagen etter ringe ei hyggelig dame som ynskjer å ha akkurat meg som abonnent litt til, då klarar eg  ikkje seie nei.

Dog trua på at eg ein gong kjem til å få bruk for disse bestemte eg meg for å ordne opp. Kvelden var komen, eg skulle ta eit oppgjer meg gamle magasin og kvitte meg med dei, ein gong for alle. Bunken var på høgde med stovebodet og eg skulle sortere med harde bod. Det gjekk eit par blad før eg fann fram saksa og klipte ut det eg synest var fint. Enda på visa heng i gangen, og bunken med blad er like høg.

Framgangsmåten er ganske enkel. Klipp ut bilde frå magasin (eg har brukt DETNYE) og lim det på. Det fine med å bruke bilde og bokstavar frå eitt magasin er at det får eit nokså likt uttrykk. Deretter pynta eg med perleklistermerke, diamantklistermerke, stoffblomster og ei rad med pompoms nedst. Dette for ein meir spennande 3D-effekt. Lerretet eg brukte som base er kjøpt på Kremmerhuset for nokre år sidan. Kanskje du har nokre slike liggande?

 

Voila! Eit nytt bilde ala 2016, vertfall enn så lenge.

Eit lite ansiktsløft!

I over 20 år har det samla venner og familie til festleg lag, jubileum og kvardags. No står det i vårt nye hus og skal halde fram med oppdraget sitt, men i ny drakt.

Når vi flytta på oss og bytta ut heimen vår fikk vi plass til enda fleire ting. Vi gjekk på jakt i skuffer og loft, og kom heim med diverse snurrepupperier i ulik forfatning.

Det gamle spisebordet gav vi ein personlege vri ved å beise eikestolane og bordbeina kvite. Vi valte å halde bordplata original mest på grunn av arbeidsmengd. Stolputene bytta vi stoff på ved hjelp av stiftar.

Kva synes du? Har du gjort noko liknande?

 Skifte stoltrekk er ein fin søndagssyssel. Eit par timar så er det gjort!

Lykke til!

Ei ekstra merksemd

Til bryllaupet laga eg ein liten handsydd merksemd til alle gjestane. Eit symbol på at vi satt stor pris på kvar og ein.

Eg sydde små blondeblomar med strier, satengstoff, silkeband, perler, sikkerhetsnåler/klemmer, nål, tråd og vintageblonder. Eg byrja med å klippe til delane og hadde fleire små boksar med ferdigklipte delar i. I eit halvt år var dette handarbeidet mitt og fast inventar i veska. Eg hadde boksen med meg i parken, i bilen, i senga på stovebordet, i sofaen og på flytur.

Det gjekk ikkje ein biltur utan at eg hadde laga nokre blondeblomster. Eg fikk heller ingen tilsnakk om at bilen var full av trådar og perler til ein kvar tid. Lenge leve «happy wife- happy life»-prinsippet.

 

Mansjettblomstrane

Mansjettblomstrane til menna er laga ved at eg klipte ei remse med sateng. Trokla rundt og stramma slik at det vart forma som ein blomst. Eg la deretter vintageblonder rundt og opprivne strier i midten. Vidare festa eg ei rektangelforma strie rundt. Tvinna silkeband rundt stilken og samstundes festa sikkerhetsnåla.

Blondeblomstrane

På blondeblomstrane til damene byrja eg med å trokla rundt ein sirkel i sateng, stramma til slik at det vart ein slags pose. Sydde ei perle i midten for at det skulle sjå ut som ein blome og sydde på blonder rundt. Eg avslutta med å feste ei klemme i ein liten sirkel med strie under blomstren.

Dersom du vil ha ei meir grundig forklaring er det berre å gje ein lyd.

Eg kan også prøve å ta nokre betre bilde når vi har fått rydda opp i bryllaupskassa vår.

Klart du kan!

Eg er fanga i garnet og rusa på stoff, men eg kjem ikkje til å oppsøke avrusing eller unngå den raude tråden av den grunn.

Bestemor mi sydde stort sett alle kleda til døtrene sine. Alt frå festkjolar til ull-truse var heimelaga og av god kvalitet. Kvart plagg hadde ei historie allereie før dei var brukt. Mommom gjorde det fordi det ikkje var så mange alternativ. Sy og strikking var stort sett det rimelegaste valet før i tida.

No er leiken annleis og kle er blitt til masseprodusert forbruksvarer. Kle er blitt veldig billeg. Langt billegare enn garn, pinnar og stoff. Kanskje noko var betre før?

Mange av mine venner assosiera symaskin med traumatiske kunstlærarar, symaskinsertifikat på papir eller håplause undertrådar. Strikking blir sett på som altfor avansert, tidkrevjande og håplaust. «Det får eg aldri til!», «Kjekt for deg som kan det» går ofte igjen i min omgangskrets. Eg bruka å seie at alle kan. Ein treng ikkje vere verdsmeister i alt. Prøv, feil og prøv igjen. Det fine med det ein laga sjølv er at berre du sit på fasiten.

Sjølvgjort er velgjort, si.

Det er lite som kan samanliknast med heimelaga plagg. Plagg ingen i heile verda har heilt lik. Plagg det ligg kjærleik, frustrasjon og omsorg bak. Plagg med unike historia. Plagg du kan velje korleis det skal bli.

«Takk, eg har laga den sjølv». Anbefalast!

I helga legg eg ut oppskrifta på min eigen favorittgenser for tida. Og ja, kjekt om den blir ditt første heimelaga plagg.

Har du laga noko du er ekstra fornøgd med? Del gjerne og kommenter under!

Ein lys idè!

Eit par veke før bryllaupet skrolla eg over eit instagrambilde av nokre lysande bokstavar. Eg fikk ein strålande idè og når den store dagen kom pynta store gullbokstavar i tre lokalet vårt.

Slik ser det ut i uthuset vårt 8 veker etter bryllaupet. Om nokre veker skal du få sjå korleis dei pynta opp på dagen.

 Om vi visste kor mykje jobb det var trur eg vi hadde utsett prosjektet, med etter mange arbeidstimar sat vi veldig fornøgde igjen.

 Det var den «ultimate» forholdstesten. Fleire andre punkt stod på «to do»-lista og dette var eit millimeterprosjekt som trengte mykje planlegging, måling, vinkelrekning, pussing, grunning og tenking.



Slik gjorde vi det:

Vi kjøpte inn ei kryssfinerplate på 1.20 x 2.40.

Målte og teikna opp bokstavane på plata

Skar ut bokstavane med stikksag

Skar ut lange plankar med 8 cm breidde

Målte opp til vinklane og tilpassa kantane på bokstavsidene

Spikra kantane fast

Runda av kantane

Sparkla og pussa

Sparkla og pussa…

Laga hol til lyslenka (kjøpt på Ikea)

Sparkla og pussa

Spraya bokstavane i gull

Festa lysa.

 

Disse skal få ein heilt spesiell plass i huset når vi flyttar.

Kva synes du? Har du andre kreative idear? Del gjerne under!

Topp med sleng!


Oppskrift på toppen finn du nedst…

Året er 1999, eg har håret stramt i strikk med luggen hengande ned på kvar si side av ansiktet. Plast-tatoo i neonfargar rundt halsen, Spice Girls på walkmannen og mine første omsydde bukser. Ei dongeribukse med ekstra sleng. Ekstra sleng sidan eg har klipt den opp og sydd inn nokre fargerike vimplar. Leggvarmarane fikk akkurat plass fint dandert under slengen, medan dei gløtta litt fram over platåskoa. Eg hadde aldri i min villaste fantasi trudd at dette skulle gjenta seg i 2015, dog med nokre moderasjonar, men omsømmen er den same.

Eg har sydd ekstra sleng i ein gamal sateng-topp. Akkurat på same måte som ein sydde inn ekstra sleng i buksa i mine glanstider.

Når ein først skal redesigne og forlenge plaggets historie er det litt artig å tenke på at slekt og vener har ete bryllaupsmiddag på ein del av toppen din. Blondene er nemleg restane frå middagsdukane eg lagde til bryllaupet. Meir gjenbruk må ein leite lenge etter.

Dette prosjektet er gjort ved ei handvending. Legg toppen med brett i midten og klipp ut eit vimpelforma stykke. Fest blonder med stoppenåler på vranga av toppen og sy saman. Sikksakk langs der du har klipt og stryk saumane flate.


Ein kan også sy inn blonder i sida, bytte ut stroppane eller sy på ein blondekant. Det skal ikkje så mykje til for at plagget får nytt liv.

Livet som bloggar på bygda byr på litt ekstra utfordringar og fanskare….

 Ha ei nydelig veke!

Shalalala

Eg lev som ein nomade for tida, med det inneber blant anna at eg må tenke mykje koffert.

Kvar veke planlegg eg kva eg skal pakke ned, bytte ut og pakke opp. Ein bieffekt av koffert-avengigheten er krøllete kle. Dette skjedde også i helga når eg skulle ut for å lage liv i Bergens gater.

Med god tru hadde eg for ein gong skuld «noko å gå med», sidan kofferten allereie vart pakka helga før. Skuffelsen vart desto større når eg drog opp eit plagg meir skrukkete enn ei rosin. Det er inga overdriving at den skrukkete jumpsuiten satt ein dempar på stemninga.

Livet i ein koffert byr på utfordringar, men denne flukt-livsstilen gjev meg også kreativt spelerom.

Eg hadde eit silke-sjal og eit nytt semska skinn-skjørt liggande i kofferten. «Topp med det sjalet», tenkte eg og «sim-SJAL-a-bim». Toppen av lykke vart sjalet meir enn eit smykke.

Eg knytte ein knute med to hjørner av sjalet bak nakken og dei to andre hjørna knyta eg nedst på ryggen.

Vips så vart sjalet til ein fest-topp.


Enda på historia; «SJAL-lalal-lalal, eg vart fornøyd og gla»

Enkelt og greitt!

Kva synes du om sjal som topp?

Har du forslag til plagg som kan brukast på fleire måtar? Eller kanskje fleire

Frynsegoder

Den lettaste måten å fornye eit plagg på er å legge til noko. Det fine med det er at ein ikkje øydelegg plagget og dersom det skulle gå «åt skogen» så kan ein alltids ta det vekk igjen. Ganske ufarleg med andre ord.

 Tenkte eg måtte hive meg på frynsetrenden, så  eg kjøpte ei remse og sydde det på ein kjole for hand. Enkelt og dekorativt, på 15 minutt.


Alt du treng er frynser, klesplagg, nål og tråd.


Kom over litt frynseinspirasjon på Pintrest:

Trur eg skal frynse opp fleire eigendelar, men først må eg komme i mål med brudekjolen. Store delar av dagane går for tida med til å sy på kjolen. Eg er veldig spent på sluttresultatet, men med god tru. Har sett deadline til helga for då skal kjolen på rens. Bloggen blir sjølvsagt oppdatert og tenkte eg skulle vise litt brudekjoleskisser om litt.

Ha ein strålande fin dag!

Har du fått nokre frynsegoder i sommar?