Blomsterkrans på 1-2-3

For fleire år sidan laga eg blomsterkrans med dei blomstrane eg fann på min veg. Om det var løvetann, strå eller engkarse var ikkje så nøye med, for krans det vart det uansett. I helga leita eg fram gamle kunster og med litt ekstra utstyr held blomsterkransen enda lenger og betre enn dei ein laga som barn.

Det tar verken mykje tid eller energi å lage ein blomsterkrans av ekte blomster.

Alt du treng er blomster, ståltråd og saks.

Deretter tar du du utganspunkt i ein blomster og tvinnar ein anna rundt før du festar dei saman med ståltråd.


Slik held du fram til du har fått den lengda du ynskjer.

Så festar du enden saman med «startblomsten» og klipp av dei stilkane som var til overs.

Eg brukte peonar med ganske stiv stilk, men trur det er lettare å jobbe med blomster som har mjuk stilk.

Eg kjem nok til å lage fleire slike ila sommaren, men kanskje med ulike typar blomster.


I morgon er det st. Hans, eller jonsokaftan, då passar det perfekt med ein blomsterkrans!

Smykk deg i gjenbruk

Eg har opp gjennom åra kjøpt ein del «jugel», store smykke, armband og øyredobbar. Eg er også ein av dei som blir litt fort lei av ting og har ofte «ingenting» å ha på meg. Så det å kunne bruke ting på nytt, sette saman ulike delar og få «nye» ting passar meg ypparleg.

IMG_4370

 

Før eg skulle på Gullruten hadde eg eit «eg-har-ingenting-å-gå-med-anfall». Eg leita i butikkane etter eit nytt smykke, men fann ingen eg likte. Eg tok derfor tanga fatt og satt saman fleire av dei gamle smykka mine.

Slik var smykket i utganspunktet.
Slik var smykket i utganspunktet.
Eg starta med å t vekk det eg ikkje likte på smykket med ei tang.
Eg starta med å ta vekk det eg ikkje likte på smykket med ei tang.

IMG_4377

Vidare festa eg eit perlesmykket til det andre smykket.
Vidare festa eg eit perlesmykket til det andre smykket.

IMG_4381

Det same gjorde eg med eit anna smykket.
Det same gjorde eg med eit anna smykket. Så alt etter anledning kan ein velje kor mange «lag» med smykke ein vil ha. 3 i 1 style.
Og vips eit heilt nytt smykke laga av tre gamle.
Og vips, eit heilt nytt smykke laga av tre gamle.

 

På Gullruten valgte eg å gå med to smykke oppå kvarandre. Fr å lage eit litt tøffare uttrykk.
På Gullruten valte eg å gå med to smykke oppå kvarandre.

IMG_0092 (2)

Velkommen

IMG_4264

No er invitasjonane sendt rundt. Det tok nokre timar å lage dei, men det var verdt strevet.

Utgangspunktet var eit 200 grams papir som vi kopierte opp med den teksten vi ville ha. Det same gjorde vi med informasjonsarket i midten. Vidare stempla vi gullstempel på kvart enkelt kort, la strier, blonder og hamptråd rundt før vi dekorerte med ein handlaga papirblomst og bilde.

IMG_0215 – Kopi

IMG_4255

IMG_4256

IMG_4257

IMG_0217 IMG_0216

Litt av alt

Eg byrja tidleg å planlegge bryllaupsinvitasjonane.

Eit av kriteria var at dei skulle vere handlaga, samt kvar og ein skulle vere unik.

IMG_0209 IMG_0212

 

Eg fann inspirasjon på Pinterest, i magasin og frå andre invitasjonar.

Etter litt prøving og feiling vart eg strålande fornøgd.

Ekstra godt likte eg at vi fikk blanda mange ulike material i same invitasjon,

litt blonder, litt grovt papir,

litt fint papir, strier, hamtråd og håndlaga blomsterroser, alt i ein.

Ein kan vel trygt sei at eg ikkje lev etter «less is more»-prinsippet…

Følg med så kjem dei ferdige invitasjonane ut på bloggen før du veit ordet av det.

 

Ha ein fin dag!

Boka med nakne damer

IMG_4095Det er alltid stas å få pakke i posten.

Særleg når det er noko ein har gleda seg lenge til å få!

Denne veka fikk eg endeleg bestillinga frå Hong Kong, og den stod til forventningane.

IMG_4096Ei bok full av damer utan kle, så jobben min er å kle dei opp anstendig…

IMG_4318Den inneheld også mange «pose-tips».

Gjett om du kjem til å sjå nokre av disse på bloggen framover.

IMG_4311Eg gleda meg veldig til  sette meg ned med den nye favoritt-boka og skisse antrekk på antrekk time etter time.

 

Roser i stoff

IMG_4310 Eg har eit ønske om å pynte med blant anna stoff-blomster i bryllaupet.

Gjerne med eit vintage-preg i blonder, tyll, silke og med perler.

Utfordringa er at eg ikkje har mønster eller noko å sjå etter.

IMG_4307

Eg driv å laga diverse utkast for tida, men er førebels ikkje heilt fornøgd…

Har du tips til oppskrift?

 

Tattoo-flashback

IMG_4117Eg har lenge hatt lyst til å prøve «metallic-tattoo»-trenden, og i går tøffa eg meg med både tatovering og blomsterkrans.

Når man først skal pynte seg, så kan man like så godt ta litt av.

IMG_4170

Det var ein nostalgisk følelse å klippe ut tatoveringa, legge den på huda med ein våt klut og dra forsiktig av papiret.

Minner frå tatoveringar i Kaptein Sabeltann-is, Tom og Jerry-kjeks og ikkje minst Spicegirls-pakkar kom strøymande.

Og ja, det var like kjekt 20 år etter.

 

IMG_4120

IMG_4129

I håret hadde eg ein heimelaga blomsterkrans.

Eg kjøpte plastblomster på Ikea og limte dei fast på eit hårband/strikk.

Det skal ikkje meir til.

IMG_4238

IMG_4163

IMG_4242

 

IMG_4198IMG_4136 (2)

Hipp hipp hurra!

IMG_4050Ingen anledning er for lita til å feire, og ingen feiring er for lita til å pynte.

Så når det nærmar seg bursdag er det klart ein må lage til litt ekstra dekor.

IMG_4052

I løpet av ein times tid var det pynta med fargerike mønstre og papirvimplar hjå oss.

Du treng saks, ein pappbit som du brukar til mal, hamp-tråd og farga ark.
Du treng saks, ein pappbit som du brukar til mal, hamp-tråd og farga ark.
Bruk malen til å teikne opp trekantar på det farga papiret og klipp ut.
Bruk malen til å teikne opp trekantar på det farga papiret og klipp ut.

IMG_4031

Brett ned trekanten rundt hamptråden og fest med dobbelsidig tape.
Brett ned trekanten rundt hamptråden og fest med dobbelsidig tape.

IMG_4055