«Hula-hula»

IMG_3793Med fleire solskinsdagar på rad og temperaturar over 15 grader, kan eg knapt vente til sommaren.

Eg tok derfor å hekla meg ein bikini.

Oppskrifta er ganske enkel og det tar ikkje lang tid å lage bikinien sidan den er såpass «luftig».

IMG_3794

Bikinien er kanskje hakket for dristig aleine, men passar perfekt under ein florlett bluse eller bohemsk blondetopp.

Eventuelt kan eg sy i eit fôr…

IMG_3796

Oppskrift finn du her,

og her kan du lære å hekle!

Max flax

Gjekk forbi ein maxikjole i helga som eg berre «måtte» kjøpe sjølv om den var altfor stor.

IMG_4006

Sidan eg er omtrent same størrelse som alle andre skjer det ofte at plagg på sal er utselt i min størrelse. Heldigvis har eg ei symaskin og det manglar heller ikkje mot til å prøve og feile. Eg kjøpte derfor kjolen, 4 storleikar for stor, og sydde den inn på sidene. Med eit belte i livet er den no god som  ny og plutselig i rett størrelse, sike kjolar skal jo vere litt lause i passforma.

IMG_3997

Det fine er at det ikkje skal så mykje til, er det eit plagg du ikkje er så redd for skadar det uansett ikkje å prøve.


Enkelt og greitt

Eg er ingen syerske så dette er sikkert ikkje etter boka, men til mitt bruk går det heilt fint å gjere det på denne måten:

1. Ta på deg plagget på vranga og fest nåler i sidene eller bak, alt ettersom kvar du skal sy inn plagget.

IMG_0004

2. Mål opp slik at du syr inn like mykje på begge sider og teikn på plagget med kritt eller liknande.

IMG_0007

3. Sy langs den teikna linja.

IMG_0008

4. Prøv plagget på, om det ikkje passar enda så kan du berre rekke opp (så lenge du ikkje har klipt noko sund så er det framleis ein veg tilbake).

5. klipp vekk unødvendig stoff, og sy over kantane med sikk-sakk eller overlock.

IMG_4017

Splitter gammal sekk

Old School, men god som ny.
Old School, men god som ny.

 Mamma er veldig flink til å ta vare på ting, så når eg var heime i påska fann ho fram min første skulesekk frå 1995.

Eg vaska den,  sydde nye reimar i skinn, tok vekk unødvendig polstring og bytta ut den gamle snora med silkeband.

Etter ein liten makeover var den tjue år gamle sekken nesten god som ny.

Min første skuledag i 1995
Min første skuledag i 1995
IMG_3258 (2)
Trur eg er like fornøgd med sekken no som den gang

IMG_3195

IMG_3200

IMG_3202

IMG_3227

IMG_3232

IMG_3222

IMG_3265

IMG_3208
Alt som skulle til var ein vask, litt skinn og silkeband.

 

Vår i lufta

IMG_3617 (2)

Endeleg er våren godt i gang og vi går mot lysare tider. Nokre av vårteikna eg likar best er fornøgde smil, mysing mot sola og at ein kan gå med lettare kle ute.

Flaks at eg har sydd eit par nye bomber-jakker som eg gleda meg til å lufte. Dei passar perfekt når det vårast og enda betre er at ingen har lik.

IMG_3727 (2)

IMG_3619 IMG_3654 (2)


IMG_3190

 Mønster og stoff er kjøpt på stoff og stil.

IMG_3290 (2)

IMG_3280

IMG_3240

IMG_0082

Blenda av blonder

Bilde 4


Eg er over gjennomsnittleg glad i alt som glitrar og er ganske ukritisk til alle klede med perler, paljettar, frynser eller blonder.Så lenge plagget glinsar i lyset, er i eit spennande stoff eller har fine fargar er eg selt.


 

Bilde 7

Dersom ein har lyst til å fornye garderoben kan ein til dømes berre sy på litt stæsj. Denne morgonkåpa (eller kimonoen), fikk nytt liv med nokre blondekantar. Eg sydde blondene på for hand og vips så fikk plagget eit delikat og eksklusivt uttrykk.

Bilde 5


Bilde 6bilde 1Bilde 2bilde 3