Ikkje berre berre

Eg har vore der sjølv. Superengasjert. Ropa. Hoppa. Svetta. Gira på livet. Tatt ein ekstra runde berre for moro.

Oktober 2015 begynte det.Sakte men sikkert. Det var først synleg på kontoen. Pengane sila ut.  Månadlege beløp som verken redda liv eller gav skulegang. Det vart ikkje rom til det i kvardagen. Eller rettare sagt, gav eg det ikkje rom, gav det ikkje ein tanke. Dørstokkmila vart derfor lengre for kvar dag.

Graviditet, baby, ammeinnlegg og søvnlause netter skulle ikkje stoppe denne friskusen (trudde eg). Instagram var beviset på at det var mogleg, det var faktisk null problem. Eg kunne bli den nye ingerindubai (trudde eg).

Eg, Anne-Malin tidlegare kjend som Personleg Trenar, spinninginstruktør, aerobikkinstruktør, ho med  x-tal kurs i basisball, catslide og slynge.  Ein ekte friskus som hoppa på sykkelen fleire gongar dagleg uansett veir og vind er blitt (wait for it…) ein støttemedlem på treningssenteret! (I snart eitt år).

Poenget er. Beklagar at eg ikkje har vist forståelse for at det kan vere tungt å gå på trening. Beklagar at eg har ropt ut “det er ingen problem å ta ein til” i fleire år. Beklagar min tidlegare overtente treningskropp og uforskamma positive samt sportye innstilling.

Så, i går var dagen. Eg begynte med friskt mot og melda meg på ein saltime med futt i. Aldri har eg vore meir tung i kroppen. Aldri har eg brukt lettare vekter  (det var meir enn nok med min eigen kropp). Aldri har eg forstått bedre at det er ikkje BERRE å ta ein til. Aldri har eg blitt så sint for at instruktøren sparte det “beste” til slutt. Burpees….

IMG_3617 (2)

2017, bør vere året eg kjem ut av støttemedlemsskapet. Kroppen min har gjort ein formidabel innsats i 2016, men eg er no motivert til å ta over kontrollen. Gløym SK17, men sett deg nokre aktivitetsmål før det er for seint. Det skal i alle fall eg prøve på.

Ny jobb og nye utfordringar i vente

Eg har fått meg ny jobb. Fast stilling faktisk, til evig tid. Trass fleire hint om travle kvardagar og uventa utfordringar trur eg at dette er noko for meg. Eg er jo «ei positiv jente, med relevant utdanning, likar å ha fleire ballar i lufta, vere effektiv og ser på nye oppgåver med eit smil» (tatt frå søknadsteksten).

DSC01152 (2)I stillingsannonsa la dei vekt på at ein måtte ta eigne beslutningar, ha gode samarbeidsevner og vere ein pådrivar i teamleiing. Dei la vekt på fleire ansvarsområder somorganisasjon og ledelse, planlegging og utvikling, pedagogikk, mekling samt logistikk.  Førarkort var å  foretrekke.

Eg veit eg er heldig som fekk denne jobben, men i den siste tida har det også ført til mange våkenetter, og litt småpanikk. Det er vel eit sikkert teikn på at det nærmar seg arbeidsstart.

Arbeidsavtala åtvara meg om ugunstige arbeidstider, som at eg alltid måtte vere tilgjengeleg. Lønna er middels, og feriedagane må planleggast i god tid. Tanken om eg er kvalifisert har streifa meg, men har eg tatt eit val, så må eg stå for det.

Jobbintervjuet gjekk i og for seg greitt. Eg hadde ikkje førebudd meg like mykje som til tidlegare intervju, men eg følte på meg at det var full klaff, trass fleire intervjurunde. Standarspørsmåla som meininga med livet og mine dårlege sider hadde vi allereie klart for oss, så det slapp vi å rippe opp i.

 No skal det seiast at eg har lenge ønska meg denne jobben. Mitt største forbilde har gjennomført arbeidet med glans. Det er sjølvsagt vanskeleg å hoppe etter Wirkola, men trur eg kjem til å få god støtte og opplæring den første tida.

DSC01153

Lille venn inni magen, kom ut når du er klar. Stillinga som MAMMA skal eg ta med storm. Har vertfall signert og returnert arbeidskontrakta. Eg skal gjere ein så god jobb eg kan. Både eg, og mine gode med-kollegaer gler oss veldig til å helse på vår nye sjef.

Jubileum og lyckliga dagar!

I følgje ei truverdig nettside om norsk «skikk og bruk» er hvetebrødsdagane «ei behagelig og lykkelig tid for dei nygifte månadar etter bryllaupet. Dei nygifte skal vere saman, dyrke sin kjærleik og legge grunnlaget for sitt samliv».


Dagen etter bryllaupet var det tid for opprydding, bilkøyring, sal av leilighet (innan 24 timar) og  fly til Frankrike. Her var målet å få mest mulig ut av dagane. Det skulle tross alt vere ein ferie vi skulle sjå tilbake på i lang tid, og ikkje minst skulle vi fortelje alle om alt vi hadde opplevd. No skulle vi KOSE oss. Vi fylte dagane til randen tross ein dose trøtthet og lite tolmod.


Etter kræsjlanding tilbake i kvardagen var det tid for ein ny by og camping (på ubestemt tid) med min svoger sin storfamilie. Eit kjøkken, med kjøleskap, ei plastkasse og ein mikro, i kjellaren til ein tre-barns familie er sjølvsagt eit godt utgangspunkt for «hvetebrødsdagane «der vi kunne «dyrke samlivet og kjærleiken». I tillegg til ein ny jobb og ingen bekjendte vart dette fort bli til  ekstra krydder i kvardagen.

Etter nokre vågale budrunda og nytt hus i vente kom også nyhenda om eit nytt familiemedlem. Det var det einaste vi ville. Og det siste vi kunne tenke oss.

Uggen og kvalm inntok eg eg sofaens posisjon når vi endeleg fekk vårt eige krypinn. Der låg eg ein månad medan det nye huset gjekk sin gang.

No er forma mi betre, vertfall innvendig. Utvendig er eg i ein posisjon der folk ikkje tørr å spørje om eg er gravid i tilfelle eg berre har lagt på meg. Det ser anten ut som om eg «trøste-et» eller trivst veldig godt i eigen kropp, alt etter auge som ser. Mage som bular ut gjev sjølvsagt bekjente ein gylden moglegheit å klappe på den. Ein uskriven regel eg ikkje er heilt komfortabel med. Eg lurer på om eg skal klappe igjen, men det er visst ikkje sosialt akseptert. Problemet «Eg har ikkje noko å gå med» er blitt eit faktum og aldri har eg fått fleire livsfarlege symptom i følgje gravide sine «nettforum».

Men no, min kjære mann, trur eg dessverre at hvetebrød-dagane er over og vi har lagt «grunnlaget for vårt samliv».

Gratulerer med halvt års bryllaupsdag, eg er din største fan (og snart får vi ein ny i klubben).

Godt nytt år!

Du starta litt brått. Det var som om vi ikkje samarbeida heilt i starten der eg satt utan jobb, eit ønske om ein ny start og ny giv. Hadde du sagt til meg at du kom til å ta med meg med på opplevingar eg berre kunne drøyme om, veit eg ikkje om eg hadde trudd på deg.

 Vi gjekk frå å planlegge bryllaupsinvitasjonar til å få verdens flottaste bryllaup. Frå å tru at eg skulle gifte meg i ein poyesterhaug frå Kina til å sy brudekjole med Jenny Skavlan. Frå å føle meg einsam til å samle alle eg er glad i til ein stor fest. Frå å vere frøken til å bli fru. Frå å himle med auga når nokon sa blogg til å få min eigen. Frå å vere veldig lei byen med dei sju fjell til å grine av sakn i fleire netter. Frå å eige 60 kvadrat til 150 kvadrat. Frå å teikne ei skisse til å få trykt strikkeoppskrift i Kamille. Slik kan eg halde på lenge. Du har verkeleg tatt meg med på små og store opplevingar eg aldri ville vore forutan.

Vi avslutta i motsett ende av skalaen. Draume-kalendaren er full og eg er klar for nye opplevingar. Eg skal gjere alt for å nå dei og håpa på at du vil vere like samarbeidsvilleg i året som kjem.


Godt nytt år!

Takk for det gamle!

Som seg hør og bør!

Eg burde stått opp tidlegare. Eg burde kanskje ikkje lagt ut det bildet. Eg burde ikkje ha ete den sjokoladen etter frukost. Eg burde tatt meg ein joggetur. Eg burde jobba litt meir no når eg først har fri.


Denne genseren kan du lage sjølv (aasegenseren). Berre sjå her!

Alle desse tankane har gått gjennom hovudet mitt siste timane. Tolka med lupe er dei ganske ironiske og tvetydige. Vrir eg om, var det veldig deilig å sove litt frampå. Eg var greitt fornøgd med bilde eg la ut. Sjokoladen smakte veldig godt. Joggeturen kan eg alltids ta igjen. Det er digg med litt fri når eg har ferie. Men det er lettare sagt enn gjort.

Eg har tatt meg sjølv i å bli eit burde-menneske. I dei siste månadane har det gått sport i det. «Styggen på ryggen» har ikkje alltid rett, men det er vanskeleg å ikkje høyre på han når ein bør gjere både ditt og tatt. Det er veldig dumt at eg går glipp av mange fine studer fordi eg «burde.burde» eller enda verre berre fordi tankane mine flyg i fei retning. Om du er som meg er dette lettare sagt enn gjort, men det skadar ikkje å prøve.

No skal eg ta ein «tigergutt» dei neste dagane. Hoppe rundt og ta det slik som det kjem på min veg. Sjå muligheiter, samle fine augeblikk og prøve å ikkje tenke på «burde».

Dessutan, tygg på ordet «burde», det gjev inga meining…

Kjenner du deg igjen?

Håpar du får ei flott «tigergutt-helg»!

Med tungt hjarte

Det gjekk så fort over, eg hadde håpt at vi skulle halde ut litt lenger, men no er det for seint å snu.


Helga har tatt på. Eg veit ikkje om graset er grønare på den andre sida, men det er dessverre berre ein måte å finne det ut på.

Vi har delt mange gleder og sorger det siste tiåret, men visste vel heile tida at glansdagane måtte ta slutt ein dag. Det kom berre litt brått på, vertfall for min del.

Det heile starta som ein sommarflørt etter vidaregåande. Ung og lovande fikk vi mange felles vener, fine stunder og vart betre kjendt på godt og vondt.

Opp gjennom åra har det blitt ein del våkennetter på grunn av usikkerhet, men mest grunna festleg lag. Tross mange felles interesser, lik humor og fysisk tiltrekning har vi glidd gradvis frå kvarandre.


Du har vist deg frå mange gode side, men vi har også hatt ein del regntunge dagar. Du har lært meg og deg, å kjenne. Vi har vokse saman, men eg har fått augene opp for ein anna. Det byrja som ein usyldig tanke, men gjekk over til å bli meir seriøst i sommar. Eg er veldig lei meg, men måtte ta eit val.

Det er ikkje deg, det er meg… Vi treng litt tid, litt albuerom frå kvarandre, ein pause. Du skal vete at dei gode minna alltid vil vere her. Håpar vi framleis kan vere vennar, kanskje litt meir enn vennar av og til…

No er ein æra over for denne gang, men vi sjåast igjen.

Bergen, du vil bli savna…

Klar, ferdig….GÅ!

Eg er ikkje så glad i nyttårsforsett. Om det er fordi eg aldri klarar å følgje dei, set meg for høge mål, er gløymsk eller berre distré er uklart. Eg er heller ikkje så glad i mørketid og kulde, så det å starte på nytt i januar er ikkje heilt «mi greie». Starte på nytt i august der i mot, er tingen for meg.


No starta skulane på ny og mange skiftar jobb. Det er framleis varmt ute, lyse kveldar, kroppen er delvis i feriemodus og den gyldne brunfargen kan framleis skimtast i godt/mørkt lys (om ikkje kan ein alltids smøre seg med sjølvbruning utan å få stygge skiljer, også det er betre om hausten). Det er om hausten eg har overskot til å trene litt ekstra, eg har alltid «sommarkroppen» meir klar til jul enn til juli. Det er no det er ekstra «koseleg med peis» og stearinlys om kvelden sidan det er så lenge sidan sist. Sitte under teppet og høyre på regn i september blir berre sjarmerande i forhold til i januar når alt er grått og trist.

Eg legg bak meg ein av mine mest intense vår-halvår med ny jobb, blogg, kjoleprosjekt, flytting, sal av leilighet og bryllaupsplanlegging. Etter bryllaupet sat eg igjen med ein litt tom følelse. Kva no? Er alt over?


Etter ei følelsesmessig berg og dal bane  og litt desperate augeblikk der alt var forgjeves, bestemte eg meg for å bytte taktikk. For dette er vel berre ein ny start? og nye prosjekt ventar rett rundt hjørnet.

Eg har gått fleire rundar med meg sjølv etter ferien. For det er skummelt å hoppe i salaten med hovudet først. Ny jobb, ny plass og nytt liv står ved døra. Og kjem det til å ordne seg? Eg veit ikkje, men håpar sterkt. For andre har gjort det før, og dei har klart det. Så det er ingen grunn til at ikkje eg og du klarar det same.


Eg meina at august er det nye «januar». Så ta sats inn i hausten og la den bli den beste nokon sinne.

Håpar du får ein fantastisk haust og at du tar dei utfordringane som kjem på din veg. Kva er det verste som kan skje? Så lenge det ikkje er livstruande veit eg at det berre vil gjere deg sterkare. Prøv då vel..

 Er du klar for hausten? Ventar nye prosjekt eller har du ein draum?

Fly me to the honeymoon

Denne veka har vi farta land og strand, bokstaveleg talt, langs den franske rivieraen.

Dei såkalla hvetebrødsdagane har med andre ord bæra preg av baguettar, pariserloff og crosaint.

Eg valte å kle meg som ein pilot før avreise og straks vi kom til Flesland var handbagasjen full av Malteeser. Dei vart sjølvsagt konsumert under ventetida og før take off. Anders, min mann, fann ut at det var like greitt å skifte til fransk aksent allereie før avreise og slik hadde vi det gåande. Så satt vi der på flyet, eg med munnen full av malteeser og han i ein parfyme-os frå Tax free.


Vi byrja i Nice.

Sidan vi kom til stranda litt utpå dagen var det ikkje så mange solsenger igjen. Ei av oss ville absolutt ikkje ligge og steike seg saman med alle andre; «Det var tross alt ei bryllupsreise» (ei setning som eg brukte litt for mange gongar denne turen).

Sum av summarum enda det opp med at min betre halvdel blåste opp to luftmadrassar til oss eit par meter frå folkemassane. Det som kanskje ikkje var heilt planen var at ei fransk aleinemor skulle komme med alle sine søte små akkurat der vi var. Dermed fikk vi inkludert avkjøling med jamne mellomrom, når ungane sprang kliss våte forbi. Vi fikk servert kortreist mat, då dei klarte å finne slimete små fisk som dei drog med seg opp. Og vi fikk full underholdning, taffelmusikk og show, med både latter, leik, skrik og song.

Vi bestemte oss for å trekke oss roleg tilbake etter ei stund. Eg fann ut at eg ikkje trengte å ta lufta ut av solsenga slik at eg kunne bruke den seinare. Enden på den historia var at Petter Smart måtte ta lufta ut når vi kom til hotellrommet, for det var ikkje så populært at ein måtte balansere på ein halvskitten plastikksekk halvfull med luft for å komme seg til badet. Før eg kom meg så langt, hadde eg gløymt at det var eit stykke frå stranda til hotellet. Eg hadde heller ikkje i tankane at vi var i ein ganske fasjonabel storby. For den som gjekk i flippflopps med ei 2 meter lang bademadrass under armen gjennom handlegata, midt i rushet, det var meg. «Det var tross alt ei bryllupsreise».

Dag to hadde eg ein plan om å finne ei aude øy, slik som ein ser på film.

Vi hadde ikkje båt og bilen skulle vi ikkje leige før dagen etter så då vart det sykkel. Kort summert sykla vi 1 mil i 30 grader, Anders blåste opp madrassene på ei offentleg stein-strand og vi sykla tilbake i 40 grader. Aldri har eg sveitta så mykje og sykla så seint, men vi var begge einige om at det hadde vore ein fin tur.


Resten av turen leigde vi oss kabriolet.

Det første vi gjorde var å motsei GPS-en, kanskje ikkje det luraste vi har gjort, men vi vart godt kjend i byens bakgater.

Bil utan tak høyrer med på rivieraen og ser ganske kult ut. Etter Monakko-besøket skulle vi køyre mot St. Tropez. Vi forvilla vi oss ut på motorvegen (framleis ikkje heilt dus med GPS-en) og plutseleg opna himmelen seg. Kabriolet i god fart på ein fem-felts motorveg med ope tak og høljeregn blir vertfall ei god historie i etterkant.



Bryllaupsreisa var fin og reisefølgjet var av beste sort!

Kall meg gjerne kjeisam men ein av dei beste minna frå turen er då vi kjøpte inn is, sjokolade og digg som vi åt i senga medan vi såg på film. Det enkle er ofte det beste («Det var tross alt ei bryllupsreise»).

Vi har også fått rikeleg påfyll av D-vitamin og treng ikkje ta tran før langt ut på hausten.

Starten på livet som herr og fru har vore bra og eg gleda meg til fortsettinga.

Håpar sommaren din har vore minneverdig!

Min sommar kjem eg aldri til å gløyme.

Han går meg på nervane

Det fins ein person her i verda som eg kan bli meir irritert på enn alle andre og han kan vere ein skikkeleg plageånd utan å sjølv vete at han er det.

Denne mannen skal eg gifte meg med neste helg.

No skulle eg eigentleg skrive ned ei bryllupstale, men at eg har verdens mest irriterande mann, er eit litt dårleg utgangspunkt.

I det daglege, dei få gongane han slepp til på kjøkkenet, brunar han alltid kjøttdeigen med for mykje smør eller brukar for mykje krydder. Han kuttar alltid salaten opp i for store bitar og set alltid fram feil koppar, skåler og fat når vi har gjester.

Trur du min kommande ektemann set pris på å sove lenge om morgonen? Neida, han er ein morgonfugl av dei sjeldne. Om morgonen hoppar han ut av senga og slumrar aldri, noko eg er ein stor fan av. Han kan også finne på å vekke meg ved å dra av meg dyna slik at eg frys i hel. I helgene for eksempel, når han vakna seinast kl. 08.00 er det ofte at han vekk meg frå skjønnhets-søvnen min berre for å få selskap.

Min betre halvdel sin favorittaktivitet er «zapping», det å aldri komme fram til ein kanal på TVen, men sjå over alle fleire gongar i minuttet. Det er kanskje noko av det verste som fins, eller det er kanskje når han tar snikbilde av meg i mine beste augeblikk. Gjerne dagen der på, før ein har tatt ein dusj eller smugfilmar når eg syng ein gammal Spice Girls-hit eller går rett på ei teip-felle han har laga.

Eg likar godt å utsette litt kjeisame ting, men sambuaren min, han vil gjerne få alt gjort med ein gong. Så det endar alltid opp med at min kjære gjev meg dårleg samvittighet fordi det er mine sokkar og truser som ligg slengt i leiligheta. Eller fordi han sett opp ikea-møblar, mala gangen og fiksar baderomsfliser før eg får tatt på meg arbeidskleda.

Så til gliset hans, den dama hans som har sportsunderstell, og det til tider kan virke som om han har eit ekstra godt auge til. Om eg hinta frampå at eg kanskje har litt lyst til å lakke neglene når han køyrer meg til fest, får eg eit litt negativt blikk (det kan vere at denne negativiteten har noko med erfaring å gjere). Snakk om festbrems.


Men denne plageånden av ein «zappar» kan få meg til å smile på verdens verste dag. Han veit alltid når eg har bruk for ein klem og når eg treng støttande ord. Min kjæraste er alltid på mi side, ved oppturar og nedturar. Han er min største fan og eg er hans. Han stiller opp på alle mine (ikkje alltid gode) idear og gjev meg alltid ei hjelpande hand. Han ser meg og støttar meg uansett korleis det går. Denne plageånda som eg skal gifte meg med, gleda eg meg til å holde ut med i tjukt og tynnt. Denne mannen er eg stolt av å kunne kalle min. For denne flotte mannen kan eg aldri få nok av.

Takk for at du lyse opp kvardagen min Anders, den hadde vore kjeisam utan deg.

Terningkast 6

16. juni 2005 møtte eg mannen som eg er så heldig å få dele resten av livet mitt med.


Foto: Britt Merete T. Aase

Eg var 16 år, uredd og gira på livet. Det var sommaravslutning for 1. klasse ved Firda vidaregåande skule. Eigentleg var eg interessert i kompisen hans, men heldigvis enda kvelden med at eg møtte ein storsjarmør. Han gjekk idrett og eg gjekk musikk, så han var ein av dei tøffe gutta og eg var kanskje hakket meir alternativ. Etter ein sommar med sms og Blink, dette var før Facebook si tid, fann vi saman.

 

Dette var starta på vår romantiske komedie som har bert preg av opp og – nedturar, kleine augeblikk, klisjear, feile val, ulike tvistar, mykje omtanke, turbulens og latter. For på same dato som første gong vi møttest, 9 år etter, spurte Anders om eg ville gifte meg med han. Sjølvsagt ville eg det, og kjolen var allereie påtenkt, så trur ikkje han vart overraska over svaret.

 
Foto: Britt Merete Aase

 Vi hadde altså bestemt oss for å gifte oss før vi vart forlova. Det er kanskje ikkje etter boka, men for oss passa det seg slik. Tida flyr i godt lag og kvardagen ber framleis preg av kjærleik, latterkrampe, gleder og mindre hyggelige diskusjonar.

No har vi vore forlova i eit år og det følast veldig bra.

Eg ser fram til fortsettinga!