Redebygging

Dagleg hentar eg nye pinnar til redet. Eg sortera og leita etter dei finaste kvistane, berre det beste er godt nok. Eigentleg liknar eg mest ei kråke, sidan alt som glitrarar vert prioritert.

IMG_7812

No er eg blitt såpass stor, såpass svett og har såpass mykje vatn i kroppen at mini berre kan komme. Eg gler meg veldig til å helse på det vesle nurket vårt.

For å korte ned ventetida har eg laga ein liten kosekrok på soverommet.

IMG_7814

 

Sprinkelsenga frå Ikea fikk eit eige særpreg med nokre tapetrestar.

IMG_7821

Apekatten er hekla med utgangspunkt i oppskrift frå boka «Hekling til småfolk» – Vibeke Magnesen.

 

IMG_7818 Ramma og lyslenka er kjøpt på Nille. Bilde kjem etterkvart. IMG_7827

«Teddy» er hekla på frihand. Når «mannen» kjem med hekle-ønske er det berre å sette i gang. Inni «huset» har eg brukt ein slags tapet frå Søstrene Grene.

IMG_7826

«Stovegris»

No har vi «budd oss inn», om det går ann å  seie. Vi har tatt i bruk ein dose kreativitet, samarbeid, frustrasjon og inspirasjon. Tenkte vise dykk rom for rom, og byrja med det mest brukte her i huset. Stova.

Ved første augekast kan det kanskje minne om eit rom frå ein gamleheim, manglar berre blondeduken over sofaen. Ved ein nærmare kikk håpar eg at detaljane gjer rommet litt meir «hipp, yo og kult» lissom.

Lampa i hjørnet var tidlegare trekvit, men etter ein liten sprayrunde og ei ny pære vart den god som ny.


Orkideen har fått ein ny plass i eit Noregsglas.

Teakbordet fann vi på mørkeloftet heime for ei stund sidan. Vi malte det først grått, men har no pussa fram teak på bordplata.

Dei blå stolane er originale frå 60-talet.


A-lampa laga vi til bryllaupet, eit prosjekt som tok litt meir tid enn eg trudde. Sjå korleis her.

«Vedhylla» er ei Ikea-hylle med nye kosteskaft-bein snudd opp ned. Kofferten er også funne på loftet.

Kunstverka over sofaen er laga av bladutklipp. Teksten er frå inngangsmarsjen til bryllaupet vårt.

Her og her kan du sjå korleis vi hadde det i Bergen. Om du vil sjå enda meir er det berre å skrolle nedover under kategorien interiør!

Ha ein framleis god søndag!

Cut the crap!

Med nye, tomme, kvite veggar klør det i fingrane for å få opp noko pynt. Noko fint og sjå på. Gjerne med fine fargar. Gjerne med glitter. Gjerne med blomar og bling.

«Live, love, laugh» er sååå «2015». Eg, som fleire, har hatt min periode, men som tights og platåsko kjem den vel tilbake som juleaftan på kjerringa.

Førre veke prøvde eg å avslutte eit trufast forhold. Mailen var sendt, rekninga makulert og månadar med tom postkasse var i vente. Dagen etter ringe ei hyggelig dame som ynskjer å ha akkurat meg som abonnent litt til, då klarar eg  ikkje seie nei.

Dog trua på at eg ein gong kjem til å få bruk for disse bestemte eg meg for å ordne opp. Kvelden var komen, eg skulle ta eit oppgjer meg gamle magasin og kvitte meg med dei, ein gong for alle. Bunken var på høgde med stovebodet og eg skulle sortere med harde bod. Det gjekk eit par blad før eg fann fram saksa og klipte ut det eg synest var fint. Enda på visa heng i gangen, og bunken med blad er like høg.

Framgangsmåten er ganske enkel. Klipp ut bilde frå magasin (eg har brukt DETNYE) og lim det på. Det fine med å bruke bilde og bokstavar frå eitt magasin er at det får eit nokså likt uttrykk. Deretter pynta eg med perleklistermerke, diamantklistermerke, stoffblomster og ei rad med pompoms nedst. Dette for ein meir spennande 3D-effekt. Lerretet eg brukte som base er kjøpt på Kremmerhuset for nokre år sidan. Kanskje du har nokre slike liggande?

 

Voila! Eit nytt bilde ala 2016, vertfall enn så lenge.

Eit lite ansiktsløft!

I over 20 år har det samla venner og familie til festleg lag, jubileum og kvardags. No står det i vårt nye hus og skal halde fram med oppdraget sitt, men i ny drakt.

Når vi flytta på oss og bytta ut heimen vår fikk vi plass til enda fleire ting. Vi gjekk på jakt i skuffer og loft, og kom heim med diverse snurrepupperier i ulik forfatning.

Det gamle spisebordet gav vi ein personlege vri ved å beise eikestolane og bordbeina kvite. Vi valte å halde bordplata original mest på grunn av arbeidsmengd. Stolputene bytta vi stoff på ved hjelp av stiftar.

Kva synes du? Har du gjort noko liknande?

 Skifte stoltrekk er ein fin søndagssyssel. Eit par timar så er det gjort!

Lykke til!

Gamalt og gale

Etter 4 månadar i pappkasser har vi kome oss vel i hus.

Livet som nomade har gjeve meg mange koffertopplevingar, men kan ikkje anbefalast.


Vi har flytta inn og held på å gje huset vårt sin eigen stil

Dei siste månadane har eg budd litt i ein hybel med Fjordland som dagens høgdepunkt. Tilbrigd stort sett alle helgene på jenterommet heime og hatt alt eg treng i ein bag. Eg har følt meg som ein tenåring igjen med alle det inneber av positive og utfordrande sider.

Ein følelse av dårleg samvit og litt småflau over tal kolli i flyttelasset bestemte vi oss for å gå på loftsjakt i staden for å kjøpe så mykje nytt til rekkehuset vårt. I stova har vi fått opp nokre gamle danske designstolar frå svigers, det gamle teakbordet som besteforeldra mine hadde i kjellarstova for nokre tiår sidan, dog med ein litt moderne vri, også den gamle stå-lampa i tre har funne vegen opp.

Tross gamalt og gale har eg også ein personlegdom som Ole Brumm, «Ja takk begge deler!». Vi kjøpte derfor både ny sofa, nytt teppe og lyspære. Det skal seiast at disse vart kjøpt kvar for deg, men sum av summarum passa dei ganske greitt ilag.

Det er lett å gå i fella med mykje snurrepupperier og ende opp med ein «pensjonist-look». Vi prøvde derfor å sprite opp kvardagen med lampebokstaven vi laga vi sjølv til bryllaupet og tre nye heimelaga bilde. Vi mala tre ark i ulike blåtonar og klipte ut bokstavar frå ulike magasin. Plasserte dei i tre rammer og vips, enda eit personleg preg.

Sjølv om vi ikkje har budd her lenge har møblane mange gode historier på lur. Spent på kva som skjer vidare.

Those were the days

I min barndomsheim blir det spart på alt frå leikar, sekkar, bøker og kle.

Denne veka har eg tatt eit djupdykk i snurrepupperier frå mi «storhetstid». Alt frå Umbrojakka eg kjøpte til musikkleir i 2000, Mudd-buksa eg brukte første skuledag på vidaregåande og dei kvite skinnstilettstøvlettane eg kjøpte på jentetur til hovudstaden med buss.

Vi fann raskt ut at vi ikkje kunne spare på alt. Etter eit svalestup i minner måtte eg ta nokre avgjerande val. Heldigvis kan det hende at andre får nytte av kleda no når dei er sendt til Fretex.


I tillegg til kle har vi mange gamle leikar på loftet. Eg synes det er litt for gale at så mange minner skal ligge og støve ned i kasser. Valte derfor å spraye nokre av dei med malingspray.

Her kan ein velje sjølv kva farge og strukur ein ynskjer. Litt nytt og litt gammalt er ofte ein god kombinasjon.

Kåken

I 3 år har vi budd i leilegheita og no er det ikkje mange vekene til vi skal flytte. Det er ein vemodig tanke, men på den andre sida er eg veldig klar for ein ny start.


Kjøkkenet var noko av det første vi ordna når vi flytta inn. Huska den perioden ein plutselig kunne finne sag i staden for brødkniv i kjøkkenskuffa. Oppussing set verkeleg forholdet på prøve, men det er verdt det når ein blir fornøgd med resultatet.


Dei første månadane i leiligheta brukte vi gjesteseng som sofa. NOTE: det tar veldig lang tid om ein skal kjøpe ny sofa.

Tavla som dekker kjøleskapet laga Anders med eit par plankar, beis og maling. Del av den historia er at han bærte ein 3 meter lang planke frå trevarehandelen og heim, ca 1 kilometer….

Spisebordet kjøpte eg brukt då eg flytta til Bergen i 2007. Det har vore gjennom eit par facelift i ulike fargar, mang ein middag, trufast gjennom eksamensperiodane og tålt både medgang og motgang.

Stovebordet er det gamle bordet til besteforeldra mine. Det er kjekt når ting har ei historie, og nesten enda betre er at ingen andre har maken.

Glad for at ikkje veggane kan snakke for disse har opplevd alt frå fest til frustrasjon, men slik er det vel i alle heimar?

Det første året vart heile badet dyvått når vi skulle dusje sidan hellinga i golvet var feil. Det positive her var at vi fikk eit nytt bad i vår stil

Sidan vi kjøpte leiligheta har vi jobba kontinuerlig for å gjere den til vår. Vi har trivdes veldig godt her, men no er det nokon andre som skal ta over og lage nye minner.


Håpar du nyt dei første sommardagane.

Eg lengtar veldig etter sol og sommar, men den som venter på noko godt ventar ikkje forgjeve.

Ram det inn

Når vi kjøpte leilegheit i Bergen raida eg kjellar og loft heime på Eid

etter fine ting som var stua vekk.

IMG_3885 (2)

Ein av tinga eg fann, var det nesten 100 år gamle vindauget på mørkeloftet.

Vindauget er eit av originalvindauga frå 1917.

 

IMG_6294
Bildet er tatt i 1926.

 

 Eg gjorde vindauget om til ei ramme

ved å henge gode minner på baksida

og festa med tape.

Eg brukte ein ståltråd til å lage oppheng på baksida.

IMG_3887

IMG_3889 (2)

 

Hjå oss

IMG_3833

I 2012, etter uendeleg tal visningar og budrunder, kjøpte eg og sambuaren min leilegheit i Bergen. Det heile kom litt brått på og etter ei spontanvisning på 15 minutt hadde vi plutseleg brukt eit par millionar. Trass ein negativ magefølelse dagen derpå, tok det ikkje lang tid før vi fann oss til rette i vår nye heim og enda opp med eit koseleg krypinn.


IMG_3898

IMG_3896

IMG_3860

IMG_3834

IMG_3903

 

IMG_3846

IMG_3845

IMG_3905

IMG_3856

IMG_3893

IMG_3884

IMG_3874


 Håpar helga di blir strålande!