Det ordna seg tilslutt

Ein månad før bryllaupet reiste eg spent og forhåpningsfull til Oslo for å hente brudekjolen. Eg og Jenny hadde snakka om korleis brudekjolen skulle bli, og forventningane mine var skyhøge.


Som alltid vart eg møtt med eit stort smil og strålande gjestfrihet. Vi møttest først ved skreddaren, som hadde tatt på seg litt for mykje når han sydde på perlebroderiet. Heile kjolen var krøllete og delvis gul frå vasken. Stoffet var tatt frå tre gamle kjolar og det kunne ein lett sjå. Kunne dette bli draumekjolen?

Jenny hadde gjort ein fabelaktig jobb frå skisse til ein unik base. Då vi kom til leilegheita hennar og snakka om planane vidare fikk eg også ein ny giv. Jenny viste meg vidare korleis eg kunne rette på perlebroderiet og lage rosettar av blonderestar.Eg trøkka brudekjolen ned i handbagasjen og planla allereie på veg til flyplassen korleis eg skulle gripe det heile ann.

Dagen etter byrja eg med å rette opp igjen perlebroderiet. Den kommande veka bar preg av perler, blonder, sying, latter og sjokolade. Brudekjolen vart eit familieprosjekt. Dagane og kveldane der vi satt og laga små blondeblomster av brudekjolerestar er minner eg aldri ville vore forutan. Resten av bryllaupsplanlegginga fikk ikkje ein tanke og vi storkosa oss under prosessen.

Vidare sendte vi kjolen på reins. Stakkars dama som skulle reinse den, for eg var ganske så tydeleg på kor mykje historie og energi som låg i kjolen. Då vi henta brudekjolen hadde dei verkeleg gjort ein fabelaktig jobb. Alt gulskjeret var vekk og kjolen var god som ny. Ingen kunne sjå at det var ein eldgammal brudekjole.

Eg enda opp med draumekjolen og eg ville ikkje ha bytta for noko i heile verda. Det var ei fantastisk reise og eg har opplevd meir enn eg kunne draume om. Dette gav meirsmak og inspirasjon.

Ville du gifta deg i ein gamal brudekjole? Med god hjelp på vegen kan det fort bli perfekt, eg snakkar av erfaring.

 Gler meg til å vise delar av reisa på jennyskavlan.com i morgon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *