Eg tok ein sjanse…

Eg er kjempeheldig som får bli med på denne brudekjole-reisa og all merksemda som følgjer med er veldig hyggelig og overveldande.

Mange har spurt meg «Korleis har du fått det til?».

Svaret er; «Eg tok ein sjanse».

Ole Brumm


Dei siste åra har eg tatt ulike val som kanskje ikkje var «forventa» av meg. Eg har hoppa frå ein trygg og stabil jobb til nye utdanningar og prosjekt. Eg har fått erfare ting som før kunne virke uverkelege. Eg har tatt mot til meg å snakka med mange spennande menneske. Eg har hatt tid til overs for å vere med familien min heime på Eid, og slik kan eg halde fram.

No, i skrivande stund,  sit eg her med eigen blogg og skal gifte meg med verdens beste fyr om tre månadar.

«Korleis har dette skjedd?».

«Eg har turt å satse, ta val og stå for det».

Eg kan sjølvsagt også nemne uendelige mange nedturar, nei, tårer og frustrasjon, men det blir bagatellar når ting går oppover.

Pippi Langstømpe

Eg var på eit jobbintervju førre veke og dei spurde meg «Kva er du mest stolt over å ha oppnådd?».

«At eg har turt å ta sjansar», sa eg med eit stolt smil.

Om eg får jobben er framleis uvisst, men eg kjem nok til å ta sjansar resten av livet uansett.


Photo 19.04.15 11 43 41

Sjølv om dette brudekjoleprosjektet akkurat har starta har det fått bra mediedekning. Det er også veldig kjekt å sjå at bloggen får fleire klikk og at mange kjem tilbake fleire gongar.

Det mest spesielle denne veka var å sjå bilde av meg og Jenny mellom artiklar om kongelige og «Kardashian». Og alt dette fordi eg viste Jenny den halvflaue-skisseboka mi og tok ein sjanse.

Det eg prøvar å få fram er ikkje nødvendigvis kor heldig eg er, men å vise at det å ta eigne val, hoppe ut av trygge mønster, ta en egotrip og gjere det ein har lyst til kan opne mange spennande dører.

 Ha ein fantastisk søndag og ta ein sjanse! Kem veit kva neste veke vil bringe!

 «Sikt mot månen, sjølv om du bommar havnar du blant stjernene»


Her har eg samla artiklane om brudekjoleprosjektet frå BA,  FIRDA,  FJORDABLADET og SEOGHØR.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *