Ei ekstra merksemd

Til bryllaupet laga eg ein liten handsydd merksemd til alle gjestane. Eit symbol på at vi satt stor pris på kvar og ein.

Eg sydde små blondeblomar med strier, satengstoff, silkeband, perler, sikkerhetsnåler/klemmer, nål, tråd og vintageblonder. Eg byrja med å klippe til delane og hadde fleire små boksar med ferdigklipte delar i. I eit halvt år var dette handarbeidet mitt og fast inventar i veska. Eg hadde boksen med meg i parken, i bilen, i senga på stovebordet, i sofaen og på flytur.

Det gjekk ikkje ein biltur utan at eg hadde laga nokre blondeblomster. Eg fikk heller ingen tilsnakk om at bilen var full av trådar og perler til ein kvar tid. Lenge leve «happy wife- happy life»-prinsippet.

 

Mansjettblomstrane

Mansjettblomstrane til menna er laga ved at eg klipte ei remse med sateng. Trokla rundt og stramma slik at det vart forma som ein blomst. Eg la deretter vintageblonder rundt og opprivne strier i midten. Vidare festa eg ei rektangelforma strie rundt. Tvinna silkeband rundt stilken og samstundes festa sikkerhetsnåla.

Blondeblomstrane

På blondeblomstrane til damene byrja eg med å trokla rundt ein sirkel i sateng, stramma til slik at det vart ein slags pose. Sydde ei perle i midten for at det skulle sjå ut som ein blome og sydde på blonder rundt. Eg avslutta med å feste ei klemme i ein liten sirkel med strie under blomstren.

Dersom du vil ha ei meir grundig forklaring er det berre å gje ein lyd.

Eg kan også prøve å ta nokre betre bilde når vi har fått rydda opp i bryllaupskassa vår.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *