Frå glitter og gufs til genser

Aasegensaren byrja som rabling på hytta ein fredagskveld. Med inspirasjon frå ferske moteblad, dagens 70-talsstil, ein forkjærleik for alt som glitrar og ein litt kald gufs.

I haust laga eg og mamma Aasegenseren (frå skisse til ferdig genser). Det fine med denne (og alle v-genserar) er at ein lett kan bruke dei på ulike måtar. Ein kan bruke dei bak-fram med v-halsen i ryggen. Ein kan feste eit snøre i sikksakk eller sløyfe heile genseren. Du kan også sy på blonder i utringinga. Prøv deg fram!

Aasegensaren er relativt lett å lage. Hakket vanskelegare enn skappelgensaren grunna V-halsen, men det klarar du!

 

 Eg ynskja meg ein unik gensar, med fine detajar. Eg viste teikninga til mamma og vi tok nokre mål. Etter eit par forsøk var gensaren god som gull (bokstaveleg tala).Favorittgensaren vart raskt tatt i bruk. Komplementa straumde på og nokre spurde om oppskrifta. Vi gjekk nokre rundar med oss sjølve, for ingen av oss hadde skrive «strikkemønster» før. Mamma var opptatt at det skulle vere veldig nøyaktig og eg opptatt av at det skulle vere ei oppskrift som alle kunne forstå. Heilt utan forkortingar og merkelege bokstavar.

Det fine med Aasegensaren er mellom anna at du får eit unikt plagg som ingen andre har akkurat maken til, slepp å fryse i vinterkulda og du er med på moten (for strikking er vel også blitt ganske trendy?).Du kan kombinere den med ein polo, singlet eller skjorte, alt etter humør og veir.

Oppskrifta til Aasegenseren finn du her eller i Kamille nr 1 , 2016(sjå side 15).

Lykke til!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *