Gamalt og gale

Etter 4 månadar i pappkasser har vi kome oss vel i hus.

Livet som nomade har gjeve meg mange koffertopplevingar, men kan ikkje anbefalast.


Vi har flytta inn og held på å gje huset vårt sin eigen stil

Dei siste månadane har eg budd litt i ein hybel med Fjordland som dagens høgdepunkt. Tilbrigd stort sett alle helgene på jenterommet heime og hatt alt eg treng i ein bag. Eg har følt meg som ein tenåring igjen med alle det inneber av positive og utfordrande sider.

Ein følelse av dårleg samvit og litt småflau over tal kolli i flyttelasset bestemte vi oss for å gå på loftsjakt i staden for å kjøpe så mykje nytt til rekkehuset vårt. I stova har vi fått opp nokre gamle danske designstolar frå svigers, det gamle teakbordet som besteforeldra mine hadde i kjellarstova for nokre tiår sidan, dog med ein litt moderne vri, også den gamle stå-lampa i tre har funne vegen opp.

Tross gamalt og gale har eg også ein personlegdom som Ole Brumm, «Ja takk begge deler!». Vi kjøpte derfor både ny sofa, nytt teppe og lyspære. Det skal seiast at disse vart kjøpt kvar for deg, men sum av summarum passa dei ganske greitt ilag.

Det er lett å gå i fella med mykje snurrepupperier og ende opp med ein «pensjonist-look». Vi prøvde derfor å sprite opp kvardagen med lampebokstaven vi laga vi sjølv til bryllaupet og tre nye heimelaga bilde. Vi mala tre ark i ulike blåtonar og klipte ut bokstavar frå ulike magasin. Plasserte dei i tre rammer og vips, enda eit personleg preg.

Sjølv om vi ikkje har budd her lenge har møblane mange gode historier på lur. Spent på kva som skjer vidare.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *