Gullfeber

Hadde du sagt til meg for to år sidan eg eg kom til å svinge meg rundt saman med økonomane frå Luksusfellen, Ylvis-gutta og Carew akkompagnert av «Fem fine frøkner» ein laurdagskveld i mai, hadde eg aldri trudd på deg….Men aldri sei aldri, for i går skjedde det.

Det er eigentleg ganske fint at vi ikkje veit kva framtida bringer.

IMG_0122 (2)

IMG_20150509_165916

Først vart eg preppa og dolla av Iselin. Eg kom smilande med mineralfundation og litt lipgloss medan ho hadde med seg eit par vesker med stæsj. Ut av salongen kom eg god som ny med mykje sparkel, roser i kinna, solkyssa hud, highlights allover, lange vipper og ein god dose sjølvtillit. Ein ettermiddag med latter, sminke, hår og jordbær er ikkje feil.

IMG_6061 IMG_0133 (2)

 Etter omkleding og kos med finaste Susanne (min kommande forlover). Var det tid for raud løpar og mingling i Grieghallen.

Vi var så heldige å få billettar med David Andersen så vi satt i orkestergrava, heilt framme ved scena. Så der satt vi rett overfor Moods-grunderane og hadde muligheten til å ta high-five med alle prisvinnarane. Det skjedde ikkje, men eg kan innrømme at tanken streifa meg.

20150509_191733 20150509_194432

20150509_220820

20150509_224547

Resten av kvelden og natta gjekk med til bobler i gullglas, dansing med fintfolk, sliders, sladder og latter.

IMG_7823 20150509_230302

Livet smiler, men tippar at morgondagen blir blå.

 YOLO…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *