Kåken

I 3 år har vi budd i leilegheita og no er det ikkje mange vekene til vi skal flytte. Det er ein vemodig tanke, men på den andre sida er eg veldig klar for ein ny start.


Kjøkkenet var noko av det første vi ordna når vi flytta inn. Huska den perioden ein plutselig kunne finne sag i staden for brødkniv i kjøkkenskuffa. Oppussing set verkeleg forholdet på prøve, men det er verdt det når ein blir fornøgd med resultatet.


Dei første månadane i leiligheta brukte vi gjesteseng som sofa. NOTE: det tar veldig lang tid om ein skal kjøpe ny sofa.

Tavla som dekker kjøleskapet laga Anders med eit par plankar, beis og maling. Del av den historia er at han bærte ein 3 meter lang planke frå trevarehandelen og heim, ca 1 kilometer….

Spisebordet kjøpte eg brukt då eg flytta til Bergen i 2007. Det har vore gjennom eit par facelift i ulike fargar, mang ein middag, trufast gjennom eksamensperiodane og tålt både medgang og motgang.

Stovebordet er det gamle bordet til besteforeldra mine. Det er kjekt når ting har ei historie, og nesten enda betre er at ingen andre har maken.

Glad for at ikkje veggane kan snakke for disse har opplevd alt frå fest til frustrasjon, men slik er det vel i alle heimar?

Det første året vart heile badet dyvått når vi skulle dusje sidan hellinga i golvet var feil. Det positive her var at vi fikk eit nytt bad i vår stil

Sidan vi kjøpte leiligheta har vi jobba kontinuerlig for å gjere den til vår. Vi har trivdes veldig godt her, men no er det nokon andre som skal ta over og lage nye minner.


Håpar du nyt dei første sommardagane.

Eg lengtar veldig etter sol og sommar, men den som venter på noko godt ventar ikkje forgjeve.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *