Klar for Oslo-helg

I kveld reiser eg til Oslo, og gjett om eg gleda meg. Ei helg med bryllaupsførebuingar, brudekjolesying, styling og blomster.

IMG_5078

Status no er at eg har kjøpt skoa eg tenker å gifte meg med.

Den kommande brudgommen har for lengs bestilt og fått tilpassa sin smoking, men eg sit her altså med skoa.

IMG_5080

Godt eg har eit strålande team i ryggen som hjelp meg med å få verdens finaste og mest symbolske brudekjole. 

Eg håpar eg får eit glimt av den kommande brudekjolen i helga, vertfall delar av den. 

Ser også fram til møte med blomsterdekoratør, «raide» perle og stoff-butikkar, og bli styla og fiksa.

Eg skal gje dokke nokre smakebitar på bloggen etterkvart, så stay tuned.

 God langhelg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *