Klart du kan!

Eg er fanga i garnet og rusa på stoff, men eg kjem ikkje til å oppsøke avrusing eller unngå den raude tråden av den grunn.

Bestemor mi sydde stort sett alle kleda til døtrene sine. Alt frå festkjolar til ull-truse var heimelaga og av god kvalitet. Kvart plagg hadde ei historie allereie før dei var brukt. Mommom gjorde det fordi det ikkje var så mange alternativ. Sy og strikking var stort sett det rimelegaste valet før i tida.

No er leiken annleis og kle er blitt til masseprodusert forbruksvarer. Kle er blitt veldig billeg. Langt billegare enn garn, pinnar og stoff. Kanskje noko var betre før?

Mange av mine venner assosiera symaskin med traumatiske kunstlærarar, symaskinsertifikat på papir eller håplause undertrådar. Strikking blir sett på som altfor avansert, tidkrevjande og håplaust. «Det får eg aldri til!», «Kjekt for deg som kan det» går ofte igjen i min omgangskrets. Eg bruka å seie at alle kan. Ein treng ikkje vere verdsmeister i alt. Prøv, feil og prøv igjen. Det fine med det ein laga sjølv er at berre du sit på fasiten.

Sjølvgjort er velgjort, si.

Det er lite som kan samanliknast med heimelaga plagg. Plagg ingen i heile verda har heilt lik. Plagg det ligg kjærleik, frustrasjon og omsorg bak. Plagg med unike historia. Plagg du kan velje korleis det skal bli.

«Takk, eg har laga den sjølv». Anbefalast!

I helga legg eg ut oppskrifta på min eigen favorittgenser for tida. Og ja, kjekt om den blir ditt første heimelaga plagg.

Har du laga noko du er ekstra fornøgd med? Del gjerne og kommenter under!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *