My precious

Eg blir litt som Gollum og får ein god følelse inni meg når eg ser at det glinsar frå handa til «my precious». Bryllaupsdagen var over på null komma niks, men ringane dei skal vi ha på «oss for alltid». Det er ganske fint å gå rundt med eit symbol på at vi to høyrar saman. Ekstra kjekt er det at disse ringane snart er 40 år, men i vår eigen og i årets versjon.


Slik som brudekjolen, ligg det mykje symbolikk og historie bak gifteringane våre. Foreldra til Anders gifta seg i 1977. På det glade 70-tallet var motebildet prega av det litt overdådige, også på gifteringfronten. Kort fortalt kjøpte min svigerfar nokre «gullbarrar» til gifteringa og enda på den historia var at dei kjøpte seg nokre smalare på 80-talet.


Då vi kom med det glade bodskap om at vi skulle gifte oss, var vi så heldige at vi fikk tilbodet om dei gamle gifteringane til min mann (framleis veldig uvant tiltale) sine foreldre. Redesignaren i meg vart med ein gong tent på tanken om å lage våre eigne ringar. At det skulle vere med utgangspunkt i familiearven, var heilt perfekt.

Vi kontakta vidare ein dyktig lokal gullsmed (Katrine Berg, Bergart) og fortalde ho korleis vi ønska ringane. Ho laga om ringane til oss og no sit dei bom fast på ringfingeren med inngraveringa;  «OSS FOR ALLTID 1.8.15». To unike ringar som ikkje er masseprodusert, men sjølvlaga, full av historie og symbolikk. Anbefalast!




Har du eit smykke som betyr noko ekstra for deg? Eller har du kanskje redesigna eit smykke du også? Eg set stor pris på kommentarar og tilbakemeldingar.

Håpar du har ein fantastisk seinsommar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *