Prinsessekjolen

På januarsalet i fjor kjøpte eg ein enkel kvit barnekjole med stroppar. Med litt glitter, blonder og ekstra stoff vart den til brudepikekjolen, enda finare enn dei du får kjøpt på brudesalongar (etter mi meining vertfall).

Foto: Martin Håndlykken

Det var først i juli, ein månad før bryllaupet, at eg visste korleis min brudekjole vart så då tok eg fatt på brudepikekjolen, vi måtte jo ha «matching».

Det fine med heilt enkle kjolar er at ein kan forme dei som ein vil. Eg sydde først på nokre korte arma i eit tynt kvitt stoff og deretter sateng kantband langs armane, det same som på brudekjolen.

Deretter tok eg blonder frå 60-70-og 80 tals-kjolen, perlebroderi frå Grønland og litt av den pynten Jenny Skavlan hadde på sin brudekjole. Hummer og kanari-filosofien lenge leve! Eg «trokla» alt på kjolen først slik at eg kunne eksperimentere med korleis resultatet skulle bli.

Når ho skulle prøve brudepikekjolen var eg litt spent om den passa. Reaksjonen, «Det er jo en prinsessekjole» og eit stort glis fortalte meg at også den vesle bruda var veldig fornøgd med resultatet.

Totalpris på brudepikekjolen vart i underkant av eit par hundtrelappar. Med litt nytt, litt gamalt, nål og tråd kjem ein langt.

Her kan du sjå filmen Brura!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *