«Stovegris»

No har vi «budd oss inn», om det går ann å  seie. Vi har tatt i bruk ein dose kreativitet, samarbeid, frustrasjon og inspirasjon. Tenkte vise dykk rom for rom, og byrja med det mest brukte her i huset. Stova.

Ved første augekast kan det kanskje minne om eit rom frå ein gamleheim, manglar berre blondeduken over sofaen. Ved ein nærmare kikk håpar eg at detaljane gjer rommet litt meir «hipp, yo og kult» lissom.

Lampa i hjørnet var tidlegare trekvit, men etter ein liten sprayrunde og ei ny pære vart den god som ny.


Orkideen har fått ein ny plass i eit Noregsglas.

Teakbordet fann vi på mørkeloftet heime for ei stund sidan. Vi malte det først grått, men har no pussa fram teak på bordplata.

Dei blå stolane er originale frå 60-talet.


A-lampa laga vi til bryllaupet, eit prosjekt som tok litt meir tid enn eg trudde. Sjå korleis her.

«Vedhylla» er ei Ikea-hylle med nye kosteskaft-bein snudd opp ned. Kofferten er også funne på loftet.

Kunstverka over sofaen er laga av bladutklipp. Teksten er frå inngangsmarsjen til bryllaupet vårt.

Her og her kan du sjå korleis vi hadde det i Bergen. Om du vil sjå enda meir er det berre å skrolle nedover under kategorien interiør!

Ha ein framleis god søndag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *