Strikkeri-strikkera

Haust er for meg synonymt med strikk. Eg har ikkje eit skjult talent med sprettert, men eg er heilt ok med pinnar og garn.


Ein del av meg har alltid vore i pensjonist-modus. Eg sett alltid i gang med eit nytt strikkeprosjekt om hausten, sjølv om eg ikkje alltid kjem i mål. Det er lite som slår ein roleg kveld under pleddet, med kakao og strikk.

I haust har eg prøvd meg på noko nytt. Eg har designa min eigen strikkegensar.

«Det har eg ikkje gjort før, så det klarar eg sikkert».

Med god hjelp frå mamma har vi snart fått den ut i liv. Tidleg i haust teikna eg nokre skisser på ein strikkegensar eg kunne tenkt meg. Litt vid, men ikkje for vid. Halvegs baggy, men utan å drukne. V-hals og litt gull. Akkurat slik eg ville ha den.

Her ser du skissene og om ikkje lenge tenkte eg å legge ut oppskrifta. Og ja, du kan strikke den med minimalt strikkekunnskap.

Kva synes du? Er dette ein genser du kunne tenkt deg?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *