Topp med sleng!


Oppskrift på toppen finn du nedst…

Året er 1999, eg har håret stramt i strikk med luggen hengande ned på kvar si side av ansiktet. Plast-tatoo i neonfargar rundt halsen, Spice Girls på walkmannen og mine første omsydde bukser. Ei dongeribukse med ekstra sleng. Ekstra sleng sidan eg har klipt den opp og sydd inn nokre fargerike vimplar. Leggvarmarane fikk akkurat plass fint dandert under slengen, medan dei gløtta litt fram over platåskoa. Eg hadde aldri i min villaste fantasi trudd at dette skulle gjenta seg i 2015, dog med nokre moderasjonar, men omsømmen er den same.

Eg har sydd ekstra sleng i ein gamal sateng-topp. Akkurat på same måte som ein sydde inn ekstra sleng i buksa i mine glanstider.

Når ein først skal redesigne og forlenge plaggets historie er det litt artig å tenke på at slekt og vener har ete bryllaupsmiddag på ein del av toppen din. Blondene er nemleg restane frå middagsdukane eg lagde til bryllaupet. Meir gjenbruk må ein leite lenge etter.

Dette prosjektet er gjort ved ei handvending. Legg toppen med brett i midten og klipp ut eit vimpelforma stykke. Fest blonder med stoppenåler på vranga av toppen og sy saman. Sikksakk langs der du har klipt og stryk saumane flate.


Ein kan også sy inn blonder i sida, bytte ut stroppane eller sy på ein blondekant. Det skal ikkje så mykje til for at plagget får nytt liv.

Livet som bloggar på bygda byr på litt ekstra utfordringar og fanskare….

 Ha ei nydelig veke!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *